Laurdag vart det bestemt at dei to eldste sønene mine,ein kamerat av eldstemann og eg, skulle på overnattingstur i kajakk. Turen gjekk til Sauesundsøyna der vi fann ei flott overnattingsstad. Vi brukte to doble kajakkar på turen. Litt på grunn av sikkerheit, og litt fordi det er meir sosialt!
Her på veg inn mot teltplassen:
Ein romsleg og flott leirplass!
Her er det seljefløyte- laging på gong:
Pølegrilling er obligatorisk på gutetur. Noko stort bål vart det ikkje, på grunn av skogbrannfaren..
Vi var tidleg oppe neste dag. Trur klokka var 6.30.
Til frukost testa eg den nye gassbrennaren. Med sjølvlaga vindskjerm opplevde vi at justeringsskruen og området rundt brennaren tok fyr! Det begynte til og med å lekke gass ut frå sidene. Difor vart den demontert og sett ut av bruk rimeleg kjapt.. (Huff og huff...)
Veret var mildt og fint laurdagskvelden, men søndagen tok vinden seg opp.Difor vart det litt sleping inn att til Askvoll. Tungt å slepe ein dobbel, MED ein dobbel! Mykje vindfang!
Vi var tilbake på Øyra i ti- tida. Fornøgde, trøytte, skitne og klare for sivilisasjonen att.
søndag 8. mai 2011
mandag 25. april 2011
Vårsleppet 2011
Då var Vårsleppet 2011 på Bulandet ferdig! Vi var ein eksklusiv gjeng på tolv personar. Sidan vi ikkje hadde så mykje program denne gongen, vart det litt færre enn vanleg. Tre padleklubbar var representert; Askvoll, Herøy og BSI.
Laurdagen vart ein stille dag med sol frå klar himmel. Då padla vi ein tur til Værlandet. Artig å utforske denne delen av øyriket også.
Det var også høve for litt action på laurdagen. Her Anja i aksjon:
Søndag vart det litt meir vind, så då vart det litt meir surf og leik i bølgjer. Her er cetusen og eg i trøbbel..
Det gjekk slik:
Alle bileta frå samlinga finn du her.
Seks videoar finn du her.
Takk for ei koseleg samling. Og takk til alle som tok bilete og filma!

lørdag 9. april 2011
Vårtur med NDK Romany
På grunn av diverse omstende, har eg fått låne ein romany i nokre veker. I dag gjekk turen utpå for å prøve den. Det første eg merka med ein gong, var at fotstøttene var umogleg å bruke for meg. Føtene gjekk nesten heilt i skottveggen. Dessverre så passa ikkje skottet så godt heller, så ein plate hadde vore greitt å fått plassert inni.
Romanyen ved Flatøyna:
Elles vart eg og romanyen svært gode vener. Det var ein svært takknemmeleg kajakk å trene teknikk med. Kanting og styretak var det ein rask respons på. Farten skal ikkje vere så bra på denne, men eg syns ikkje den var så gale heller. I dag var det nesten blankt hav. Denne kajakken likar seg vel best i litt bølgjer.
Little Dipper!
På turen brukte eg også ei åre eg ikkje har prøvd før; Little Dipper. Åra viste seg å vere eit fint kompromiss mellom euro- og grønlandsåre. Den var 215 cm. Litt kort som turåre for meg. Ville nok hatt den i 220 cm. Likte den elles veldig godt!
På turen traff eg på mange dyr og fuglar. Her er det ein oter som har skaffa seg eit festmåltid:
Ein fjærplytt ville vise meg heimen sin. Han hadde rydda til helga:
Og to kanadagjess hadde funne ein stad dei gjerne ville ha for seg sjølv.
No er det berre 6 dagar til ferdselsforbudet tek til å gjelde. Så det blir nok mindre bilete av dyr og fuglar i framtida..
Prøvde også nokre rullar, sculling og static brace med romanyen. Fantastisk kajakk til dette. Sjølv med dårleg fotfeste gjekk begge deler ganske greitt. Det er vel som leikebåt at romanyen har sine sterke sider.
Var ganske sikker på at det var ein Explorer eg ville ha, men no er eg ikkje så sikker lenger..

søndag 13. mars 2011
Pratetur
I dag var vi fire frå klubben som møtte opp til søndagspadling. To andre medlemmer, hadde allereie starta på ein annan tur litt tidlegare på dagen. Det vart ein roleg tur med mykje prating, og litt trening på diverse ting.
Her er "Xcite- kameratane":
Roger med sin "kvite kval"
Det var nesten blankt då vi la ut, men etterkvart vart det litt meir liv i sjøen. (Og oss..)
Økta vart avslutta på Øyra der det vart litt rulling. Venstrerulla mi er litt rusten, så den trengs å øvast meir på.

tirsdag 8. mars 2011
Kulingpadling med Goltziana Marlin!
I dag var det gode forhold for bølgjepadling. Med storm tidlegare på dagen , og med vinddreining på vest, vart det bra bølgjer inn mot Øyra.I dag brukte eg Goltzianaen og euroåre.
Her er tre videoar frå økta:
Her er det ei bølgje mot slutten som vippar meg rundt:
Her er tre videoar frå økta:
Her er det ei bølgje mot slutten som vippar meg rundt:
søndag 27. februar 2011
Teknikktrening
I dag var Tron Ivar og eg ute ein liten tur for å trene teknikk. Vi trente baugtak, sidevegs forflytning, static brace, sculle og rulle. Det har blitt for lite av slikt i vinter.
Det første bilete er beviset. Våren er i anmarsj.Tjelden er komen!
Her på veg ut mot haneskjæret.
Sculling med euroåre sat ikkje heilt som det skulle. Forflytta meg i setet. Må nok polstre meir.
Her ein serie med rullebilete.
Å rulle er vondt. Veldig vondt. (ser det ut til..)
Her er det Tron Ivar som trenar:
Her ein rulle på godsida mi:
Tron Ivar rullar ein avocet:
Tron Ivar tek ein handrulle: (Åra i vatnet er berre til pynt. )
Etter nokre kalde månader, var det godt å kome på land med våte padlekle igjen. Sjølv om vatnet var kaldt i dag, gjekk det fint sidan det omtrent var vindstille.
lørdag 12. februar 2011
Flott februartur!
Då eg lufta hunden i morges, var det minus 9 og iskald vind. Eit par timar seinare hadde sola kome opp, og då var det litt meir fristande med ein tur på sjøen. At det hadde vore ein spesiell kald natt var lett å sjå på sjøen. Issørpa låg tjukk, og mykje lengre utover enn eg nokon gong før har sett.
Lengre ute var det ingen is og eg kjende at sola varma kroppen. Ein må ta dei små vårteikna ein kan få..
Rundt Flatøyna var det som vanleg bra med oter. Her er ein på veg rett mot meg, før han skvatt ned att i sjøen. Det gamle superzoomkameraet ville ikkje ta bilete på full zoom av ein eller annan grunn (temperatur?), så dette er teke med D10- en.
På ein av holmane var det også ein einsleg fjærplytt. Godt kamuflert i tanga.
Det vart ein liten strekk på beina på Sausundsøyna. Utsikt inn mot Askvoll.
Her var det ved nok til ei overnatting. Hugs sag og øks!
På vinteren er energi og varm drikke viktig. For tida er det bixit og kakao som gjeld.
Dette MÅ vere den beste måten å bruke laurdagsføremiddagen på. Då er i allefall eg klar for helga!
På veg innatt til Øyra:
Abonner på:
Innlegg (Atom)