I dag var Tron Ivar og eg ute ein liten tur for å trene teknikk. Vi trente baugtak, sidevegs forflytning, static brace, sculle og rulle. Det har blitt for lite av slikt i vinter.
Det første bilete er beviset. Våren er i anmarsj.Tjelden er komen!
Her på veg ut mot haneskjæret.
Sculling med euroåre sat ikkje heilt som det skulle. Forflytta meg i setet. Må nok polstre meir.
Her ein serie med rullebilete.
Å rulle er vondt. Veldig vondt. (ser det ut til..)
Her er det Tron Ivar som trenar:
Her ein rulle på godsida mi:
Tron Ivar rullar ein avocet:
Tron Ivar tek ein handrulle: (Åra i vatnet er berre til pynt. )
Etter nokre kalde månader, var det godt å kome på land med våte padlekle igjen. Sjølv om vatnet var kaldt i dag, gjekk det fint sidan det omtrent var vindstille.
Liker ikke trene rulle i kaldt vann, går men jeg trivs ikke. Sculling pleier å gå fint med god støtte for knærne som eneste forankring.
SvarSlettForsett med å legge ut video. Moro å se andres forsøk på film og teknikk.
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettRulling vinterstid går greitt når ein skvett vatn i fjeset først, og har ein god hette som held det kalde vatnet unna øyrene..
SvarSlettSculling går fint i dei to andre kajakkane mine, men denne (Cetusen) vil liksom ikkje heilt slå seg til ro på sida.