lørdag 13. mai 2023

Dykking på Staveneset

 I dag fekk eg sjekke ut det marine livet utanfor Staveneset i Askvoll kommune. Eg hadde håpa på at sola hadde brote seg gjennom havskodda, men den gong ei.. Det vert jo finare bilete med sol, også under vassoverflata.




Mykje fisk å sjå. Mest småsei, men litt maneter og anna fisk også.




























Vakkert i tareskogen..



Ferdig med økta. Fin temperatur eigentleg. Litt kaldt på fingrane og føter, elles greitt.

Er ikkje kvar dag det går an å dykke her. Som oftast er det litt for mykje rørsle i sjøen. Men i dag var det stilt og fint. 

2 kommentarer:

  1. Magisk og spennande synes eg

    SvarSlett
  2. Ser ut som ein kjekk måte å utforske naturen på. Flotte bilder :)

    SvarSlett