Då var det endeleg klart for første dykk med nyinnkjøpt utstyr frå Frivannsliv. Dette var det som følgde med i "Fridykker Pluss- pakken":
Det følgde med 5 kg bly, men eg prøvde med 4 kg i blybelte i dag. Og det var kanskje litt lite..
I dag var det litt grumsete i sjøen, på grunn av alt ferskvatnet som har kome dei siste dagane..(og kanskje på grunn av stormen i går; "URD")
Litt flekkete botn her. Varierar mellom sandbotn og steinbotn.
Det er vanlegvis ein del straum gjennom her, men i dag var det ganske roleg. Midt i bilete, er Hurtigruten som segla indre lei i dag.
Ny sveis..
Lite fisk å sjå i dag. Ein og anna, men dei forsvann fort. Mykje skarv!
Å dykke, er ikkje ingen sjønnheitskonkurranse ;-)
Rur og konelurar
Små anemoner
Store anemoner
Ferja kom igjennom, og dei lurte kanskje litt. Men dei er heldigvis van med at folk ligg og baksar i sjøen. Anten med, eller utan kajakk
Mennesker med gode idear? Litt synd når miljøstasjonen ligg 500 meter unna...
Elles var det veldig kjekt å dykke i dag. Litt kaldt på fingrane, elles opplevdes det ikkje som kaldt. Det var eigentleg mest snorkling, men nokre dykk vart det. Eg fekk inn litt vatn mellom buksa og jakka. Og maska burde sikkert vore strammare.. Elles fungerte alt utstyret perfekt, men eg har bestilt ankelvekter for å kome litt djupare ned med beina. Det er ein fordel for å kome lengre ned når du skal bruke svømmefinnane..
Og så ser eg at fridykking kombinert med kajakkpadling, kan bli ein super kombo! Eg veit om mange fine plassar rundt her..
Tøft! Det kommer til å bli en del kule bilder framover, skjønner jeg. :) Stilig sjøstjerne det der.
SvarSlettTakk. Reknar med det blir betre bilete når sola skin ;-) Dette var ein grå dag..
SlettFine bilder. Litt misunneleg kjenne eg......Kombinasjonen kajakk dykking ser eg for meg kan bli knall!
SvarSlettJa, det trur eg så absolutt! ;-)
SlettHar ikke så proft fridykker utstyr som deg men vi bruker også å kombinere kajakk og dykking. Skjell og krabber er gode ting å hente opp fra sjøen og smaker fortreffelig på bålet etter endt dykk.
SvarSlettHer et lite blogginnlegg http://rullerolf.blogspot.no/2013/02/go-go-gopro-funnet.html
Artig historie, Rolf! Det er berre å kjøpe deg skikkeleg utstyr. Veldig kjekt med fridykking! ;-)
SlettSurely in December it's a "Freediver Cold" package Odin?! Great images here - beautiful colours
SvarSlettGodt Nyttår til deg!
The wetsuit I use, is a 7 mm suit. It didn`t feel cold, even with low sea temperature. Happy New Year, to you too!
Slett