søndag 4. september 2016

Introkurs i Bulandet

Laurdag 3. september hadde Jørn Magne og eg, eit introkurs for 13 stk i Bulandet. Deltakarane kom frå "Kommunal landspensjonskasse" og var på tur til Bulandet denne helga.


Fullasta padlmobil..



Når 13 stk skal ha utstyr og kajakk, går det litt tid.



Men til slutt hadde alle fått ein kajakk, og vi kunne starte tørrtreninga med å øve på å få av trekket.



Så var det sjøsettinga...









Så var vi klar for tur.



Endre har kontroll






Mange idylliske sund og vikar å padle i her ute..






My partner in crime; Jørn Magne



Vi hadde ein liten pause ved kyrkja, før vi padla vidare, under brua.












Utanfor brua vart det ei lita spisepause.




Sporty og glad gjeng! :-)



Runar aksar..



Tilbake mot Gjørøyna






Til slutt var det trening på å tippe rundt, og å kome seg oppatt i, ved hjelp av "cowboy- redning"
Alle klarte det, sjølv om nokre trengde fleire forsøk. Vi demonstrerte også kameratredninga.



Endre ville prøve ei rulle, litt assistert av Jørn Magne..



Og til slutt var det bading på "ordentleg"..






Så alle vart skikkeleg våte, og kunne dermed få utdelt våttkortet! :-)

Ein veldig kjekk dag med kjekke folk, mykje humør og god stemning!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar