fredag 14. mai 2010

Nydeleg dag for kajakk!



I dag 14.mai var Tron Ivar og eg på ein liten padletur. Det vart ikkje så mange kilometer, men desto meir rulling/sculling. Nydeleg ver og lite vind. Då eg skulle ta på tørrdrakta før turen, rakna halsmansjetten på tørrdrakta. Difor var det ikkje SÅ fristande å rulle for meg i dag. Eg prøvde klubben sin P&H Capella i dag. Ganske fin kajakk, men med fotstøtter som eg ikkje kunne bruke. Difor sklei eg framover i setet heile tida.



Ein flott dag!



Fotografen:

Tron Ivar slurvar med hovudet  ;-)

To videoar frå turen ligg HER.

onsdag 5. mai 2010

Prøvetur med TM Greenland T

Fekk ein liten tur med TM Greenland i dag. Dette er ein kajakk som klubben vår truleg skal kjøpe. Første gong eg prøvde den var ute på Vårsleppet i Bulandet. Men då var det så mange andre ting å tenkje på, at eg ikkje fekk nyte det skikkeleg . :-)

           At det er ein vakker kajakk, kan ingen kome i frå..

Det første eg merka var at den har nok ein våtare gange i sjøen enn det eg er van med. Med bølgjehøgd på 20- 30 cm vart det ein del skvetting på dekket og i ansiktet. Fordelen med ein kajakk med så lite volum er jo at den skjærer seg gjennom bølgjene på ein heilt anna måte enn både Cetusen og Marlinen. Så eg kan godt tenkje meg at dette er ein artig båt i litt større sjø. Så lengje ein likar mykje sjø på framdekket, vel og merke.

Ein ting som er veldig bra med denne kajakken er farten. Med litt aksellerasjon på åra, er ein raskt oppe i god fart. Kanteeigenskapane er også svært gode, så lengje ein kantar nok. Er ein modig, ser ein stor reaksjon på svinginga.

Ved ein stad på turen, fekk eg små dønningar frå sida. Då merka eg den store forskjellen på knekkspant og rundare skrog. Den var med på alle rørslene til bølgjene. Opp og ned. Slike småruske- bølgjer er ikkje noko Cetusen bryr seg med. Den fortsett rett fram som eit krigsskip.. Greenlanden var mykje meir levande. Eit problem var å få den til å svingje bort frå dønningane. Den ville parallellt med bølgjene, og helst mot dei.. Då eg fekk den rett frå bølgjene, var den interessert i å surfe, sjølv på små dønningar.
Må også berømme Tahe for arbeidet med å heve kvaliteten på produkta sine. Alt på denne kajakken er forseggjort. Der støpen var dårleg før (rundt cockpit) har dei fått meir glasfiber på. Skikkelege lukar, tau og strikk har også desse nye modellane fått. Prisen å betale er at vekta har gått opp noko.

For meg er det fortsatt litt uvant å sitje med beina rett fram så lengje om gongen. Kajakkar med lågt volum har jo "bakdelen" at beina er meir eller mindre rett fram, utan bøy i knea. Resultatet for meg, blir at beina somnar. Men så er eg stiv som ein stokk også. Rekk ikkje ned til golvet når eg står, og klarar ikkje å leggje hovudet skikkeleg framover på framdekket, som er ein føresetnad for å klare stormrulla.

Så ein videosekvens der eg øvar meg på handrulla. Her brukar eg åra som hjelpemiddel. Den ligg i vatnet. Med litt øving, skal det nok gå bra med handrulla i denne kajakken. Static brace og er ingen sak i denne.

                                                  Video med TM Greenland T

På øya eg tok pause, var våren kome:




mandag 26. april 2010

Vårsleppet i Bulandet 2010

I helga gjennomførte Askvoll Padleklubb Vårsleppet for første gong. Ca 50 padlarar var samla i to dagar til kurs, guida tur, underhaldning og god mat og drikke. Det såg ikkje så bra ut med veret på fredag. Hagl og snøbyger i løpet av dagen. Dei som kom langvegs ifrå, kunne fortelje om mykje snø på fjellet.. Men laurdag skein sola og søndagen var også bra. Sjølv om det var litt regn og vind. For dei som tok kurs vart det nok litt kaldt med bading i våtdrakt..

Surfevideoar frå Bulandet ligg HER

Frå grunnkurset:
Teknikkurset:
Frå den guida turen:










Frå surfinga:













Liten filmsnutt her: Vårsleppet 2010

Fleire bilete her: Vårsleppet 2010 Bilete

torsdag 15. april 2010

Kald apriltur.

I dag vart det ein liten tur rundt Prestøya. Det var kald, sur vind i dag. Prøvde eit par rullar i dag også, og det var friskt..

Turen i dag var mest for å bli vant med euroåra igjen. Etter eit par månader med kun grønlandsåre, var det skikkeleg uvant med euroåre igjen. Det var nesten som første gong eg prøvde grønlandsåra. Årebladet skar avgarde og eg hadde problem med å orientere meg kvar blada i sjøen var. Men etter eit par timar fann vi ut av det igjen..
I tillegg fekk eg testa det nye kameraet mitt, eit Canon Powershot D10. Sidan dette er vasstett ned til 10 meter, kan ein ha mykje moro med det! Fint å ha eit kamera som toler litt også.


Det vart ein lita (ulovleg) pause på meg i dag. Øya på bilete under er fuglereservat, slik som 99.5 % av alle dei andre øyane her ute, og fredningstida startar i dag (15. april). Så eg er nok ikkje betre enn andre kriminelle. Fredningshysteriet har gått for vidt, etter mi meining. Her ute på kysten har fugl og folk levd saman side om side i mange år og har hatt gjensidig nytte av kvarandres eksistens.

Etter omtrent alle øyane her vart freda, har fuglebestanden gått ned og det er lite fugl å sjå. Ein ting er å trampe på reir og å jage fugleungar, men å ta seg ein kaffikopp i ein vik, meiner eg må vere heilt ok. Dessutan; viss vi som padlar skal ta 50- metersgrensa alvorleg, er det knapt mogleg å kome seg ut på sjøen frå land.


Utsikt mot Grytøyra:
Her har vore fugl, i alle fall:

søndag 4. april 2010

Padletur 3.april

I dag vart vi fire padlarar på tur frå Øyra i Askvoll. Det var Tron Ivar, Oddvinn, Torbjørn og eg. Veldig moro at Torbjørn var med. Vi fekk mange gode tips og demonstrasjonar. Det vart berre ein liten tur rundt Prestøya i dag, med ei lita rulleøkt på slutten. Men i dag var det faktisk litt kaldt.. Brrr..

Oddvinn og Torbjørn:

Den alltid glade Tron Ivar:



På veg inn att til Øyra:

Liten pause på stranda før rullinga tok til:

Torbjørn forklarar oss amatørar eit par ting..

Eg er på veg opp frå ei rulle. (Og slurvar med hovudet..)

Scullerulle:

lørdag 27. mars 2010

Padletur 27.mars 2010

I dag vart det ein flott solotur. Prøvde å få med meg fleire, men ingen kunne. Då eg la ut frå gamlekaia i Askvoll var det nesten blank sjø. Lettskya, ca 6 gradar. Kjekt å sjå at våren har endeleg kome. Eg såg både vipe og tjeld ute på øyane.




Undervegs vart det eindel rulleøvingar og redningar som eg fekk filma frå stativ på land. Desse ligg under rullevideoar og redningar.

 






    Etter filmeøkta blåste det opp mykje og raskt, slik at det vart litt andre forhold på returen:


Her er ein liten video som viser kor fort ver og vind kan forandre seg på sjøen i høve til bileta oppe:

søndag 21. mars 2010

Padletur med Beate

Laurdag hadde vi barnevakt heile dagen, og då nytta vi høvet til å kome oss ut på sjøen. Kona mi Beate, har berre vore ein liten tur i kajakk før. Kanskje litt tøft å padle for ein nybegynnar under dei forholda som var. Det var vestavind med krappe bølgjer frå sida. Men med jamn fart framover og ein stødig kajakk (Cetus) gjekk det bra. Returen gjekk fint, då vinden hadde snudd slik at vi fekk bølgjene rett imot oss.



På vårsleppet i Bulandet skal ho ta grunnkurs. Då blir det vel krangling om kven som skal padle vårkveldane framover. :-)