onsdag 23. november 2011

Sea Kayak with Gordon Brown, Volume 2

Denne dvd- en er den andre Gordon Brown har gitt ut. Den første (Volume 1), tek for seg grunnleggjande padleteknikk. Det er også planar om å lage ein dvd nr 3. Denne skal ta føre seg mellom anna navigasjon.

Volume 2 er delt inn i to delar. Ein turdel, og ein teknikkdel. Filmen kan sjåast i eitt, med veksling mellom tur og teknikk. Eller så kan ein velje å sjå berre ein del om gongen. Produsent for denne dvd- en er Simon Willis.



Turdel:


Denne delen går føre seg i området St Kilda, som du kan lese meir om her. Området, som ligg heilt vest i Ytre Hebridane, har vore ein del av Unesco sitt verdsarvområde sidan 1986. Området omfattar øyane; Hirta, Dun, Soay og Boreray. Her er høge fjelløyar med store mengd fugl. Turane går langs bergveggar, inn i holer og gjennom tunnelar i fjellet. Viss ein skal samanlikne med eit område i Noreg, må det vere Runde i Møre og Romsdal. Vi får også vite om historia til "Village Bay" Det er den einaste staden i øyriket som har vore bebudd. Det er også ein liten del på filmen om ei krysning til St Kilda, som fann stad i 1965. Med tanke på utstyret som vart brukt då, er det ein imponerande bragd.

Under utforskninga av holene og tunnelene på øyane skjer det små episodar, der redningar vert brukt. Gordon Brown fortel og forklarar undervegs. Sjølv om turdelen inneheld fine bilete og mykje fugleliv, er det ikkje denne delen som er mest interessant for meg. Vi som bur på Vestlandet, er nok litt bortskjemte når det gjeld fjell og fugleliv.

Teknikkdel:


Denne delen startar med "assistert redning" eller på norsk; kameratredning. Gordon Brown nyttar "heel hook"- metoden. Denne vert forklart grundig undervegs i demonstrasjonane. Eit viktig poeng som GB trekk fram, er at ei redning ikkje er over før den som skal reddast er komen i sikkerheit, og er klar til å padle vidare. Ein ting som er flott med denne dvd- en, er at GB nyttar nybyrjarar som av og til gjer feil, slik at også desse vert kommentert. Ein kan lære mykje av å sjå korleis ting ikkje bør gjerast.

Neste teknikkøkt er "scoop- redninga".  Ved hjelp av stopp i filminga, og strekar på skjermen, vert denne grundig forklart. Vidare tek han for seg eigenredningane. Denne delen startar med ein demonstrasjon av ulike balanseøvingar, der ei gruppe padlarar med ulik erfaring får prøve seg. Først der det er grunt (av ein eller annan grunn, så syns mange nybyrjarar det er meir trygt), og så i litt djupare sjø. Cowoyredning vert vist både i roleg, og i større sjø. Først med, og så utan årepose. Vidare vert åreposeredning gjennomgått, i tillegg til re- entre og rulle med og utan årepose.

Det er også ein fin sekvens om tauing i filmen. Her vert det demonstrert tauing med ulik lengd på tauet. Alt frå ei lita løkke, og opptil lengda av eit taubelte i full lengd. Særleg delen om den heimelaga cowtailen, er god. Ved hjelp av tau og karabinkrokar, kan ein lage sin eigen taueline på båten. Fint tips! Redningar med tauing vert også demonstrert i ein del sjø. I slike forhold er det viktig å  hente kajakken først, så personen. Kor ein kan plassere tauet, vert også teke opp (på padlar/ på kajakk). Eit anna smart tips, er den såkalla "dog lead tow" - metoden med parallelle kajakkar. Ved å nytte denne metoden, vert det mindre motstand på slepet når ein skal taue to personar. Ei gruppe padlarar får også prøve  tauing i tidevasstraum. Her må ein tenkje litt som elvepadlarar, og traversere på skrått opp mot straumen.

Gordon Brown har også sin favoritt når det gjeld korleis ei gruppe skal taue saman. Ved ein del prøving og feiling for min eigen del, er konklusjonen min den same som GB har kome fram til: Linje er betre enn V- form. Han understrekar også at god kommunikasjon er eit "must" ved tauing.

Landingar vert også teke opp som tema. Ei gruppe demonstrerar ulike metodar, og GB kommenterar undervegs. Igjen er det flott at padlarar med ulik erfaring, får prøve seg. "Feil" vert gjort, og kommentert av GB. Ein ting eg reagerte på, under denne og fleire andre sekvensar, er at berre eit fåtal av padlarane brukar hjelm. GB understrekar at dette er eit peronleg val. Eg veit ikkje heilt om eg er einig i dette. Med å ikkje bruke hjelm, utset ein også andre for fare viss hovudskadar skjer.. Lite kjekt å hente folk som er medvitslause ut frå eit brott. I min "HMS- klubb-" sjel, gjer det vondt å sjå padlarar som herjar på grunt vatn med badehette, cowboyhattar og andre rare hovudplagg.. Eg syns GB, som det førebilete han er, burde nytta hjelm under slik padling. Men det er mogleg at vi i Noreg, har ein annan politikk på dette enn dei i UK.

GB utførar også to landingar åleine, først i roleg sjø, så i firestjerners forhold. (Utan hjelm) Filmen tek også med om korleis ein skal kome seg ut att på sjøen. Stikkord er svømming med langt redningslineline festa i kajakken og svømmaren. Gode demonstrasjonar med kommentarar undervegs!

Teknikkdelen avsluttar med ganske heftig tidevasspadling på Ytre Hebridane. Vi får sjå surfesekvensar, der GB forklarar dette med kanting og styretak bak. Så padlar dei i ei "tidevasselv". Denne delen minner mykje om elvepadling, bortsett frå at dei nyttar havkajakkar. (og nesten ingen har hjelm.). Vi får forklart korleis ein skal kome seg inn i straumen, og får også demonstrert "pop- out" med havkajakk.

Dvd- en inneheld også eit bonusspor om korleis filmen vart laga.

Filming og lyd:

Filminga er stort sett god. I nokre tilfelle, er kvaliteten på bileta litt dårleg. Spesielt når filminga skjer frå kajakken. Årabladet kjem i vegen, det er vassdråpar på linsa osb. Men på ein slik film, kan ein kanskje ikkje forvente topp biletkvalitet til alle tider. Mange av øvingane foregår jo like mykje under vatn, som over.

Lyden er også stort sett bra, men på turdelen, kan det vere vanskeleg å få med seg alt som blir sagt. GB sin skotske dialekt og dårleg balanse mellom stemme/ andre lydar, gjer nokre av kommentarane nesten umogleg å forstå. Ei engelsk undertekst, hadde absolutt vore på sin plass.

Konklusjon:

Styrken til denne filmen, er det pedagogiske. Alle ting vert forklart på ein grundig og lettfatteleg måte. Alle demonstrasjonar, vert først utført i roleg sjø med grundig forklaring, for så å bli utført i trestjerners forhold. Dette er noko som går att i heile filmen, og som eg meiner er svært bra. Dette er ein svært god opplærings-film. Den gir eigentleg få fasit- svar,  men viser ulike måtar å gjere ting på. Og som Simon Willis seier til slutt: Poenget med denne filmen er ikkje å vise korleis ein skal gjere alt, men korleis ein kan gradvis kome opp til eit viss nivå, ved hjelp av øvingar og steg for steg- metoden. Dvd- en er absolutt sjåverdig, og inneheld mange tips til korleis ein kan trene for å bli ein tryggare padlar i ein del sjø. Alle vil ha glede av å sjå denne, men den er nok best eigna for dei med teknikkurs og oppover. Eit godt julegåvetips til padlaren som trudde han kunne alt! :-)

Du kan lese meir om dvd- en her.

Ein anna omtale av denne filmen på Qajak, kan du lese her.

Du kan bestille dvd- en  her.

2 kommentarer:

  1. Hei! Lurer på hvilket kamera du bruker når du er ute å padler? er det vanntett? har en padleglad pappa som ønsker seg et vanntett kamera til padling og tur som tåler en liten trøkk. Har sett at du har fine bilder fra turer og sånt, og lurte på om du har et kamera og anbefale? takk på forhånd!

    SvarSlett
  2. Brukar Canon D10. Det er vasstett ja. Litt stort og klumpete, men tek gode bilete!

    SvarSlett