mandag 24. oktober 2011

Frå fire til to stjerner

I føremiddag vart det ein tur på Olivia og meg. Etter å ha padla i firestjerners forhold forrige helg på Sotra, var det padling i tostjerners forhold i dag. Ei stjerne på sjøen, og ei stjerne framme i kajakken! :-)

Olivia klar for tur!

Det var aller første padletur for minstejenta i dag. Vi droppa åra, og erstatta den med ei pinne. Mindre kluss og meir moro med pinne!


Skyfri himmel. Lenge sidan sist!
Det vart ikkje noko lang tur, men ein liten time vart det. Vi såg mykje fugl, og eg prøvde å lære henne namna på dei vi såg. Litt vind i dag, men mildt og fint ute på sjøen.


Og ho likte turen kjempegodt!

3 kommentarer:

  1. Tidleg krøkjast må den som god krok skal bli. Flotte bilder!

    SvarSlett
  2. Takk for kommentarar! Moro for meg også å padle i fjæra på jakt etter fisk og krabbe. I den alderen Olivia er i no (3 år), handlar det mykje om berre det å vere ute på sjøen og oppleve!

    SvarSlett