søndag 6. november 2016

Novembertur


 I dag stod eg opp tidlleg for å få med meg soloppgangen.



Fata Morgana



Fin dag, men litt kald austavind.






Liten beinstrekk på Flatøyna






Ingen dyrebilder i dag, men eg var ca 2 meter frå ein oter som hadde fanga seg ein fisk til frukost. Dessverre høyrde han glidelåsen på vesten då eg skulle fiske opp apparatet, så ingen bilete... :-/



Kokekaffe- pause på Sauesundsøyna.






Viktig med rett mengde kaffe..



Det går an å sole seg i november også..



På denne stranda var det mykje skjell, stort sett hjerteskjell



Inn att mot Askvoll.


Det har begynt å bli klart i vatnet. Det passar bra, for om 14 dagar er det fridykkarkurs :-)

tirsdag 25. oktober 2016

Litt kort hausttur

I dag vart det ein liten tur utpå for å teste North Shore Atlantic LV. Eg har jo testa storebroren før, i bladet Padling. Denne LV- versjonen (485 cm/55 cm/24.5 kg) er jo 30 cm kortare enn standarden (515 cm/ 55 cm/ 26 kg).

Dette hadde jo ein del å seie for kor livleg den kjendes. Og når den i tillegg mangla senkekjøl, var det mykje styretak heile tida. Det var ein del bølgjer i dag, og då dansa den fram og tilbake i bølgjene. Dette er nok ein båt som treng senkekjøl i litt bølgjer for å få stabil retning. Slik er det jo ikkje med den eg padlar til vanleg (NDK Explorer), som berre unntaksvis treng senkekjølen nede.

Elles ein artig båt, som var stor nok for meg. (85 kg/ 186 cm) Gode lårstøtter og godt sete er det også i denne. Og med lite bølgjer, er den jo sikkert leiken og lettmanøvrerbar til småpadling/ kursbruk. Eg ville nok kvidd meg for å leggje ut på langtur i denne. Men med senkekjøl hadde den i alle fall blitt betre...


Siste dag med bra ver. No er det meldt nokre dagar med ruskever.


Sidan vinden auka å og mørket kom fort, tok eg ein "Bieber" og feiga ut midtvegs. Det er ingen skam å snu.. Med ukjent kajakk og aukande vind, fann eg ut at ein foto- og padletur langs land tilbake, var like lurt..

Liten beinstrekk i Sandvika..



 Sjøstjerne på strand, type død..:



Stilstudium av strå, hav og himmel.










Og ja.... det vert fort mørkt no for tida...


mandag 26. september 2016

Stormsamlinga i Bulandet

Under årets Stormsamling i Bulandet hadde vi med oss fire ungdommar. Målet var at dei skulle få prøve å padle i litt meir bølgjer og vind enn dei er van med. Og DET fekk dei....



Her har dei stilt seg opp ved statuene på Hillersøy.. Frå venstre: Oskar, Kristine, Vilde ( Statue, Statue) og Ragnar.



Årets samling var prega av mykje vind. Det blåste sterk kuling, med liten storm i kasta..Men alle fekk prøvd seg utpå, sjølv om det vart ei utfordring å kome seg framover.



Her er jentene klare for tur utpå..



Litt klargjering måtte til, før vi kom oss utpå.



Tungt å padle i slik vind, men alle fire kom seg framover!



Bølgjene var utfordrande nok, men vinden var nok eit større problem. Vi måtte vinkle årene 90 grader..



Ragnar prøver å få surf nedover sundet.



Oskar trener cowboyredning.



Sjølv om det var tungt å manøvrere kajakken i slike forhold, var humøret på topp.







Å snu kajakken mot vinden, er ikkje så enkelt i slik vind..




Etter nokre timar med å kjempe mot vinden, fann vi litt rolegare forhold for å kunne trene litt meir på redning og å leike..
















Kva har du planer om her, Vilde?





Oooops...



Det måtte gå som det måtte gå... Mykje bading vart det i alle fall på alle.. :-)



Kristine



Vi avslutta dagen med å hoppe frå verandaen.








Roger ynskjer velkomen til middagen, høgdepunktet under heile samlinga...

Vi fekk servert breiflabb, kveite, makrellstørje, sjøkreps, krabbe i tilleg til lammegryte (for dei som av ein eller annan grunn ikkje likar fisk) i tillegg til mykje godt tilbehør.

Forferdeleg godt (som alltid) og alle åt seg gode og mette.. og skakke...


Maten fall også i smak hos ungdommen..



Søndagen var det om mogleg, endå meir vind. Ungdommane var så trøytte i armane etter dagen før at det ikkje vart padling denne dagen.


Padleferja frå Bulandet.

Ei kjekk samling, der det å ta oss av ungdommane våre stod i fokus. Vi treng sårt nye og yngre krefter i klubben, og såleis var dette eit fint tiltak for å få opp interessa for padling.