lørdag 12. oktober 2013

Første tur med Zegul Greenland LC

I dag var det klart for første prøvetur med nyekajakken. Og eg trur eg er forelska..


 Zegul Greenland LC har to runde lukar. Den manglar dagsluka bak cockpit som Touring- utgåva har.


Den har heller ikkje bærehandtak og tau foran og bak. På ein så utprega rullekajakk som dette er, er dette ikkje så vktig heller. Den kjem levert med kuler på strikken på både på framdekket og bakdekket.


 Lite volum kan ein vel trygt seie..


Padlesko kunne eg berre gløyme. Men med padlesokkar gjekk det fint. Eg slakka ryggstøtta heilt.  Då fekk eg akkurat plass til beina nedi kajakken med fotkvilarane heilt framme. Eg får sjå om det vert fotbrett etterkvart.


 Den gamle tuiliqen vart seld i lag med kajakken. (TM Greenland T), sidan den uansett ikkje hadde passa til denne. Kjøpte eit Beluga- spruttrekk som eg kan bruke så lenge..


Ikkje så mykje fribord med meg oppi..


Vakker kajakk..


Sidan denne ikkje har keyhole, vert det litt verre med entring. Ikkje berre å slenge ræva oppi og beina etterpå, i denne kajakken. 


Seteplasseringa i denne kajakken er så mykje betre enn i touring- utgåva. Her kjem cokpitkanten lengre bak når ein legg seg ned på bakdekket. I tillegg har jo denne merkbart lågare bakdekk. Noko ein set verkeleg pris på under rulleøvingane.

Den var heller ikkje ueffen som turkajakk. Med padlesokkar, gjekk det til og med greitt å stikke beina fram mellom fotkvilarane. Primærstabiliteten er litt dårlegare enn touringen, men sekundærstabiliteten omtrent den same.


Og så; RULLER!

Stormrulle:



Handrulle:



Mislukka handrulle, men kom opp att med handrulle utan fart. Første gong eg har klart dette..:



Og dette har eg ikkje klart før med andre kajakkar. Stativ Brace utan åre og oppatt:



Alt i alt er eg kjempefornøgd med kajakken. Dette trur eg er rullekajakken over alle rullekajakkar. Gledar meg til å øve inn nye triks med denne! :-) Og med Tuiliq vert den sikkert endå betre til rulling!

torsdag 3. oktober 2013

Stormsamlinga 2013 i Bulandet

Då var Stormsamlinga vel overstått i år også! Eg har vel aldri padla SÅ lite, på nokon Stormsamling før. Det skuldast nok mest at bandet mitt, Sunday Morning skulle spele laurdagskvelden. Det var tiårs- jubileum i år, så padleklubben hadde slått på stortromma..

Fredag ettermiddag hadde likevel Jørn Magne, Oddvinn og eg oss ein flott tur nord for Gjørøyna:


"Excite- kameratane"


Jørn Magne i sin Tiderace 


I dette området er det mange trange passasjar.




Fin solnedgang:


Bølgjene braut ikkje så mykje denne kvelden. Det var nesten vindstille..


 Ein beinstrekk måtte til.






Synkronrulling med Tiderace Exciter:




På veg innatt:




Laurdag vart det ein liten føremiddagstur. Då var det gråver og meir vind. Dei som ville ut å leike i bølgjene fann nokre stader som var brukandes..

Laurdag kveld var det dans i floren til Liv Turid (Foto: Marit S. Leirvåg):


Fleire bilete frå treffet ligg på Askvoll padleklubb si heimeside, og ein rapport frå samlinga finn du også her på bloggen til Marit.

søndag 1. september 2013

Aleut- åre

 På Stokkøya i sommer var eg så heldig å få prøve ein åretype som Anders Thygesen hadde med seg. Det var ein aleut- åre som han sjølv hadde laga.


Det som skil ein aleut- åre frå ein vanleg grønlandsåre, er at den har ein markant rygg på eine sida av bladet og ein flat side på den andre.


Ein annan ting som er ulikt, er at den er krum. Dvs blada bøyer seg svakt framover ved padling.


Eg prøvde åra til  vanlege framdriftstak. Då oppdaga eg at bladet gjekk rett bakover utan at ein trengde å styre. Dvs at du kunne ha eit lausare grep på åra når du padlar. Dette var etterkvart noko som eg sette veldig pris på, og som gjer at eg må ein ha ein slik... Ein dag...


 Markant rygg på den eine sida. Denne sida skal vere bakover når du padlar.


Jean Betts prøvde også denne åra, og hadde same oppfatning som meg. Dette var bra saker!


 Du kan lese meir om denne åretypen på Ann- Kristin Skinlo sin blogg.

På denne sida kan lese endå meir, og du kan bestille denne åra frå Kajakkspesialisten

Du finn meir informasjon om aleutane HER.

fredag 23. august 2013

Måne og sol..

Torsdag kveld vart det ein tur til Stavfjorden for å sjå på solnedgangen. På denne tida kan den vere ganske så fin.



Det vert fort mørkt no, så det vart ikkje så langt vest..


Stille og fint i kveld!


Eimind fyr:




Etter sola gjekk ned, kom månen opp. Det var greitt å ha kryssa leia før det vart SÅ mørkt. Hadde heldigvis lys.


Turen vart lagra i sjela, under "ting å ta fram på gråe dagar"- mappa..

onsdag 21. august 2013

Dubside!

På Stokkøy- samlinga fekk eg teke nokre videoar av Dubside i aksjon. Først litt raske stormruller:



Dubside viser kule triks. På slutten ser vi litt menneskelege teikn..



torsdag 15. august 2013

Padletur med eldstemann og litt stormruller..

Onsdag kveld hadde mor og far bestsemt at eldstemann måtte bort frå dataen og trimmast. Og sidan far trengde å øve på stormrullene som han lærte på Stokkøya, vart det padling.

Isak, er i den sjarmerande alderen 15 år:


Ein flott kveld:


Han fekk prøve grønlandsåra også. Må jo prøve å misjonere litt...




Vi padla rundt Flatøyna.


Og no har det begynt å bli mørkt om kveldene. Mørkret kjem fort i august..


Det vart også (som tittelen på innlegget seier) litt trening på stormrullene. Denne øvinga  lærte eg på Stokkøya. Den er veldig fin for å få inn dei rette rørslene:



No sit stormrulla på høgresida på om lag 70 % av forsøka. Men det må trenast meir, i tillegg til venstresida..




No må eg berre få på plass at dei andre rullene eg har mista. (Handrullene/ Shotgun- rulla og "Crook of elbow- rulla".)

Forferdeleg kjekt å ha SÅ mange ruller å trene på framover! :-)

Synd at det ikkje er så mange andre her i nærleiken som er så "rulle- nerd" som meg.. Hadde trengt litt selskap..

onsdag 14. august 2013

Stokkøya 2013

Då var årets Stokkøya- samling over for denne gong. Fire fantastiske dagar med kurs, demonstrasjonar og konkurransar. På kveldstid var det også foredrag på Stokkøy Sjøsenter.

Kvar morgon under treffet, var det Yoga med Dubside. Veldig fin trening for stive og slitne padlarar..


Kva vi skulle jobbe med, vart i stor grad bestemt av deltakarane. Alt frå tradisjonelle grønlandsruller, til handruller. Vi vart delt inn i grupper etter nivå, og kva vi ville trene på.


Rullekongen; Dubside:


Samlinga går føre seg på ein idyllisk stad..


Dubside går i gjennom grønlandsrulle- programmet:


Stormrulle:


På treffet treng du ikkje å vere ekspert. Du får god hjelp, uansett kva nivå du er på. Anders Thygesen instruerar her:


Vakkert..


På denne samlinga, var det ikkje noko stress. Du får god tid mellom øktene til å trene, eller som her; slappe av i teltet..



Edd Bjørke har god kontroll på rullene!


Anders Thygesen i sin sjølvbygde rullekajakk:


På fredagen, var det byggjekonkurranse. Hordaland mot verda. Her Hordalandslaget under bygginga.


Dei tre kajakkane skulle til slutt padlast i ein stafett, og heilt til slutt; rullast.


Seinare den dagen, viste Dubside oss diverse tauøvingar som er med i det originale mesterskapet på Grønland:


Laurdagen var det klart for det uoffisielle NM i grønlandsruller:

Vinnaren på juniorsida, vart Helene T. Ryningen (33 poeng). Ho imponerte med elegante og kompliserte ruller!


På damesida, vart vinnaren Mildrid Flø. Ho enda til slutt på den imponerande poengsummen, 100 p.


På herresida vart vinnaren i år som i fjor, Torleif Holm, med heile 179 poeng.


Deltakarane i NM:


Eg hadde eigentleg tenkt å vere med, men når begge handrullene svikta i tillegg til shotgun og elbow- rulla, tenkte eg det var lurast å vente til neste år.. Det positive var at eg lærte stormrulla på desse dagane! :-)

Ein ting er i allle fall sikkert. Eg SKAL tilbake. Makan til triveleg samling skal du leite lenge etter. Lærerike dagar, kjekke folk og god stemning til langt ut på natta..


Tusen takk til Bernt, Torleif, Hilde og dei andre hyggjelege folka i Trondhjems kajakklubb!

Mildrid si forteljing frå denne samlinga, kan du lese HER. Bernt sin rapport HER:. Olea har laga ein flott video, som du kan sjå HER.

( Ein fyldig artikkel med fleire bilete, kjem i bladet Padling seinare..)