mandag 30. juli 2012

På tur med gutta boys!

I dag vart det ein padletur med mine to eldste gutar, Oskar (11) og Isak (14). I starten var det roleg på sjøen, men dette skulle forandre seg utover dagen. Fordi finver i Askvoll = vind..

På veg utover mot Flatøyna:



Pause ved Prestøyna:


Padling utan bading, er ikkje padling for ungar..Her utan kajakk:




Så trening på å tippe rundt, med redningar:


Utover dagen kom den trufaste nordavinden og bygde opp ein del sjø. Litt sleping vart det, spesielt over dei lengste strekka:


Fekk også teste ut filmkvaliteten i HD på det nye kameraet.



Kvaliteten vart ikkje så bra, men dette skuldast vel alle flaskehalsane i systemet: (Opplasting/ photobucket/ google blog/ hastigheita på nettet osb). Videoen såg i alle fall grei ut på kameraet.

Under: Same video, men lasta inn rett frå maskin til blogg. Ingen forskjell i kvalitet..

søndag 29. juli 2012

Test av nytt kamera

Etter nokre fine dagar i Sogn med fotturar og hytteliv, var eg klar for sjøen igjen. Turen i kveld var også ein test av det nye kameraet eg har skaffa meg: Canon D 20


Det er ein vidareutvikling av apparatet eg har hatt ei stund, Canon D 10.

D 20 har GPS- funksjon (Har ikkje sett meg inn i det endå..) og HD- filming. Prøvde litt filming i dag, men av ein eller annan grunn var innstillinga på "super slow motion"..  Her er i alle fall bileta eg tok i kveld:


Ut mot Stavfjorden:


Fin solnedgang i kveld også:


Litt imponert over at kameraet får med seg alle avspeglingane i sjøen:




Syns kanskje D 20 tek klarare bilete. skal prøve å ta med begge på neste tur for å samanlikne.




Då sola gjekk ned, kom månen fram for å ta hundevakta..


Nydeleg kveld på sjøen!

mandag 16. juli 2012

Grunnkurs!

Laurdag 14. og søndag 15. juli, hadde eg grunnkurs for 5 deltakarar i Askvoll.

Klar for kurs:


Jannicke og Eli:


Etter trening på diverse teknikkøvingar laurdag, var det klar for redningar::


Mykje bading laurdag ettermiddag:


Søndagen var turdagen. Då padla vi utover i laber bris, med litt repetisjonsøvingar undervegs. Her ved Lauvholmane:


Grunnkurs skal også vere kos. Her ein pause ved Olsethamna:


På veg ut att. Vi var nok borti å snusa på tostejerners forhold. Men ikkje noko som skremte deltakarane.


Stabiliteten av flåta må sjekkast:


Sporty og kjekk gjeng!


Knut skal bli industrimekanikar. kanskje med ferjeskrog som spesialitet?


Lunsj ved Olset:


Det vart også tid til ein tur inn Leira:


Kurset vart avslutta med nok ei treningsøkt med redningar:




lørdag 30. juni 2012

Basecamp i Gaular 2012

Fredag 29. juni reiste eg til Gaular med tolv enkle og to doble kajakkar, for å ha padleøkta på Basecampen 2012. Sogn og Fjordane Turlag arrangerar samlinga, som er for ungdom frå 13 år og oppover.

Godt lasta bil:


Han her stod og såg på meg då eg fotograferte bilete over:


Det var ganske mykje vind, og det var kvite toppar midt utpå vatnet. Men inne på vika var det betre. Her dreiv dei også i land om det skjedde noko. Tungt å padle i slike forhold for nybegynnarar, men det er god trening, og alle tok både vind og bølgjer med godt humør.


Flott område å padle i:


Hjelparane denne dagen, Ivar og Stig, gjorde ein god jobb!


Vi droppa spruttrekk. Då hadde det gått for mykje tid bort i trening på på land. Dessutan er det store grupper å ha kontroll over.


Det vart mange ufrivillige og frivillige velt!


Trening på eigenredning:


Flåte- moro:




Etter badinga var dei raskt på land for å skifte på tørre kle. Ikkje så rart.. Det var kaldt i vatnet (mykje smeltevatn) og mykje vind som kjøla ned.


Trass i forholda var det ein kjekk dag, med mykje flott ungdom!

søndag 24. juni 2012

Grunnkurs UNG

I helga heldt eg Grunnkurs UNG for Sogn og fjordane Turlag. Fem gutar hadde meldt seg på. Leiar for basecamp- samlinga på Øyra var Vigdis Flaten Kvamme.


Begge dagane vart avslutta med mykje trening på redningar:



Alle bileta frå samlinga finn du her.

lørdag 16. juni 2012

Reverse sweep

(Eller kanskje "Perverse Sweep"..)

I kveld ville eg prøve å få til reverse sweep- rulla. Denne startar på bakdekket på eine sida, og ein skal kome opp på motsett side med overkroppen på framdekket.

Etter å ha sett (og skrive ein omtale av) denne dvd- en, tenkte eg at denne rulla skulle vere mogleg å få til, men..



Ut i få det som eg hugsar frå "This is the roll", så er det viktig å ha bryst og ansikt vent nedover gjennom heile rulla. Det ser ut som kanskje dette er det største problemet mitt

Eitt forsøk til:



Det er sikkert for liten kraft på løfte- kneet også, i tillegg til at den øvste armen min er for høg..

Neste gong vil eg prøve med grønlandskajakken, tuiliq og svømmebriller. Då er det litt lettare å orientere seg. Uansett er dette som å lære seg rulla på nytt. Det er ingen overføringsverdi frå den klassiske bakoverlente grønlandsrulla i alle fall.

Tek gjerne imot tips, viss det er nokon som ser andre ting..


fredag 8. juni 2012

Solnedgangstur i Stavfjorden

Torsdag kveld fekk eg med meg heile solnedgangen i Stavfjorden. Her er eg på veg ut frå Granesundet og vestover:


Ikkje kvar dag det er SÅ roleg på Stavfjorden:


Etterkvart som sola nærma seg havflata, vart det nydelege fargar..



Turen gjekk vidare sørvestover til Raudøyna. Der gjekk eg på land for å ta bilete av fyret:


Utprøving av diverse kombinasjonar av sol/ fyr:





Av ein eller annan grunn, ser det ut som om kajakken er ein liten modell. Sikkert på grunn av dei store steinane?


Og sola fortsatte sin ferd (Jaja....No er det jo eigentleg jorda som snurrar då, men "let's not split hair")




På veg innover. Klokka var blitt mykje, men eg klarte berre ikkje å forlate dette.



For variasjonen sin del. Ein glasmanet AKA "G.O.P.L.E".. Det var mange av desse skapningane i sjøen i går kveld.


Meir gople- gøy:


No var sola på veg ned i sjøen.


Her bak øya Kinn:



Nye fargar oppstod (og klokka var blitt mykje..)




Då eg kom heim til Askvoll, var klokka blitt 00.30. Og eg var blitt eit (endå) betre menneske.. ;-)

Det var greitt padlelys heile vegen. Likevel greitt å ha lyset på, då eg kryssa leia i Granesundet.