lørdag 28. januar 2012

Rulling i solnedgang

Innimellom all anna aktivitet i helga, klarte eg å skvise inn ei lita rulleøkt på Øyra.


I dag brukte eg TM Greenland til klubben. Ein fantastisk rullekajakk. Eg var litt spent på om handrulla sat i dag..

Først butterfly- rulla som oppvarming, opp på høgre side:



Så opp på venstre side:



Litt rusten teknikk. Men så er det ei stund sidan eg heldt på med denne..

Så handrulla:



Det fungerte ok, med litt hundesvømming..

Så static brace med begge hendene på åra etterkvart.



Greenlanden er ein draum å rulle. Neste gong skal eg prøve med Norsaqen.

søndag 22. januar 2012

Vintertur

I dag var eg oppe før sola. Det var også denne oteren som lurte på kva eg skulle så tidleg på dagen?


Før sola kom opp:


Here comes the sun...


Atløy i raud drakt:


Eg fann ei lun vik, der eg tok pause:


Mat må til. Så lenge ein kuttar opp litt på førehand, er det ikkje så mykje arbeid. Berre kos:


Ferja på veg til Værlandet:


Fata morgana:


Desse fjærplyttene hadde ingenting imot å bli tekne bilete av:


Fugl på tørk:


Det var surt i dag. Ikkje meir enn 7-8 m/s vindstyrke, men ein kald austavind.

Uansett ein fin tur dette også. Og no går det an å merke at dagane vert lengre!

lørdag 14. januar 2012

Rundt Raudøyna

I dag vart det ein liten tur rundt Raudøyna, som ligg nord for Høyvika på Atløy. Det var omtrent speglblankt på veg utover:


Mykje ligg og flyt i sjøen etter all vinden vi har hatt den siste tida:


Fyret på Ytsteneset:


Der ute var det ein liten flokk med tre otrar. Eg kom så nær at eg omtrent kunne handhelse på dei, før eg vart oppdaga. Dessverre var kameraet innstilt feil, og fotografen litt overivrig, så dette vart det klaraste bilete:


Midt i denne oterleiken, dukka denne selen også opp like ved:


Pause ved fyret på Raudøyna:


Eg padla vidare rundt heile Raudøyna. På vestsida, var det litt liv i sjøen:


Verdas tammaste fugleart;  Fjærplytt!


Turkajakken over alle turkajakkar!:


Eg brukte grønlandsåra heile vegen.

Også fint å sjå at kjølstripa held godt fast, og gjer jobben. Eg dreg kajakken med godt samvit på strender og steinar no!


På denne turen såg eg mykje måser, skarv, ørn, alke og andre ukjende fugleartar. Men ikkje lett å få teke gode bilete av alle. Dei er ofte borte, før ein får somla seg til å finne fram kameraet..

lørdag 31. desember 2011

Askvoll- Holmedal

Etter julejammen i Holmedal, vart bilen ståande att der. Difor vart det ein padletur for å hente den. Turen tok omlag to og ein halv time. Første delen var prega av tette snøbyger.


Etterkvart vart det så dårleg sikt, at eg valde å leggje meg i ly og vente til det vart betre:


Snøvers- skyar gjev ganske fine mønstre:




Skarv på tørk:


Innover Dalsfjorden klarna det opp, og vart etterkvart fint. Her skifta eg også til grønlandsåra. Etter litt plopp og plask i starten, fann eg ein god takt innover fjorden. Til langturpadling, er grønlandsåra god.


Verket Pub på Vårdalsneset:


Litt kos må også til:


Inn mot Holmedal:


Helle knivfabrikk:


Dette vart den siste turen min i år. Håpar på mange flotte turar neste år også!

Godt nytt år til alle!

fredag 23. desember 2011

Vetlejulafta- tur!

I dag vart det også litt padling, før juletrepyntinga. Ingen turpadling i dag, men ei lita leikeøkt. Det var ikkje akkurat så store bølgjer, men når bølgjene frå båttrafikken slo seg saman med vindbølgjene, gjekk det fint å surfe på dei:



Her ein scullevideo:




Og sidan dette er siste innlegget mitt før jul, kan eg seie at sjølv om livet kan vere litt tungt og trist av og til, og nokre gonger sjå mørkt ut,


og det kan vere mange ting å gråte for,


vil det alltid vere ei lita stripe av håp..


Vi går mot LYSARE tider!


Til slutt vil eg ynskje alle som følgjer bloggen min, ei retteleg:  God Jul!

lørdag 17. desember 2011

Morgontur

I morgontimane i dag, var det fine forhold for padling. Då eg såg ut av vinduet klokka 9, bestemte eg meg for å dra ut. Noko ein aldri angrar på..


Sola har ikkje kome opp endå. Den ligg og lurar bak fjella.




Men oteren var vaken. Eit oterpar leika seg litt i sjøen, før dei begge lunta inn i skogen. Eg er imponert over kor mange (rare) lydar desse dyra lagar. Alt i frå piping, hvesing og klukking.


Her viser sola seg. klokka er 10.30..



Ein liten beinstrekk vart det også tid til. Men det var såpass surt, at noko lang pause, vart det ikkje.


Atløy i vinterdrakt:


På veg heim att, etter ein finfin start på dagen. Godt for kropp og sjel!


Flott å padle om vinteren!

mandag 12. desember 2011

Ny runde i fotokonkurransen

Då var det klar for ei ny runde i fotokonkurransen til Komplett Fritid. Temaet; vinter. Her er mitt bidrag:


Frå ei morgonstund i november i fjor. Viss du syns dette fortener ei stemme, kan du klikke her.