mandag 26. april 2010

Vårsleppet i Bulandet 2010

I helga gjennomførte Askvoll Padleklubb Vårsleppet for første gong. Ca 50 padlarar var samla i to dagar til kurs, guida tur, underhaldning og god mat og drikke. Det såg ikkje så bra ut med veret på fredag. Hagl og snøbyger i løpet av dagen. Dei som kom langvegs ifrå, kunne fortelje om mykje snø på fjellet.. Men laurdag skein sola og søndagen var også bra. Sjølv om det var litt regn og vind. For dei som tok kurs vart det nok litt kaldt med bading i våtdrakt..

Surfevideoar frå Bulandet ligg HER

Frå grunnkurset:
Teknikkurset:
Frå den guida turen:










Frå surfinga:













Liten filmsnutt her: Vårsleppet 2010

Fleire bilete her: Vårsleppet 2010 Bilete

torsdag 15. april 2010

Kald apriltur.

I dag vart det ein liten tur rundt Prestøya. Det var kald, sur vind i dag. Prøvde eit par rullar i dag også, og det var friskt..

Turen i dag var mest for å bli vant med euroåra igjen. Etter eit par månader med kun grønlandsåre, var det skikkeleg uvant med euroåre igjen. Det var nesten som første gong eg prøvde grønlandsåra. Årebladet skar avgarde og eg hadde problem med å orientere meg kvar blada i sjøen var. Men etter eit par timar fann vi ut av det igjen..
I tillegg fekk eg testa det nye kameraet mitt, eit Canon Powershot D10. Sidan dette er vasstett ned til 10 meter, kan ein ha mykje moro med det! Fint å ha eit kamera som toler litt også.


Det vart ein lita (ulovleg) pause på meg i dag. Øya på bilete under er fuglereservat, slik som 99.5 % av alle dei andre øyane her ute, og fredningstida startar i dag (15. april). Så eg er nok ikkje betre enn andre kriminelle. Fredningshysteriet har gått for vidt, etter mi meining. Her ute på kysten har fugl og folk levd saman side om side i mange år og har hatt gjensidig nytte av kvarandres eksistens.

Etter omtrent alle øyane her vart freda, har fuglebestanden gått ned og det er lite fugl å sjå. Ein ting er å trampe på reir og å jage fugleungar, men å ta seg ein kaffikopp i ein vik, meiner eg må vere heilt ok. Dessutan; viss vi som padlar skal ta 50- metersgrensa alvorleg, er det knapt mogleg å kome seg ut på sjøen frå land.


Utsikt mot Grytøyra:
Her har vore fugl, i alle fall:

søndag 4. april 2010

Padletur 3.april

I dag vart vi fire padlarar på tur frå Øyra i Askvoll. Det var Tron Ivar, Oddvinn, Torbjørn og eg. Veldig moro at Torbjørn var med. Vi fekk mange gode tips og demonstrasjonar. Det vart berre ein liten tur rundt Prestøya i dag, med ei lita rulleøkt på slutten. Men i dag var det faktisk litt kaldt.. Brrr..

Oddvinn og Torbjørn:

Den alltid glade Tron Ivar:



På veg inn att til Øyra:

Liten pause på stranda før rullinga tok til:

Torbjørn forklarar oss amatørar eit par ting..

Eg er på veg opp frå ei rulle. (Og slurvar med hovudet..)

Scullerulle:

lørdag 27. mars 2010

Padletur 27.mars 2010

I dag vart det ein flott solotur. Prøvde å få med meg fleire, men ingen kunne. Då eg la ut frå gamlekaia i Askvoll var det nesten blank sjø. Lettskya, ca 6 gradar. Kjekt å sjå at våren har endeleg kome. Eg såg både vipe og tjeld ute på øyane.




Undervegs vart det eindel rulleøvingar og redningar som eg fekk filma frå stativ på land. Desse ligg under rullevideoar og redningar.

 






    Etter filmeøkta blåste det opp mykje og raskt, slik at det vart litt andre forhold på returen:


Her er ein liten video som viser kor fort ver og vind kan forandre seg på sjøen i høve til bileta oppe:

søndag 21. mars 2010

Padletur med Beate

Laurdag hadde vi barnevakt heile dagen, og då nytta vi høvet til å kome oss ut på sjøen. Kona mi Beate, har berre vore ein liten tur i kajakk før. Kanskje litt tøft å padle for ein nybegynnar under dei forholda som var. Det var vestavind med krappe bølgjer frå sida. Men med jamn fart framover og ein stødig kajakk (Cetus) gjekk det bra. Returen gjekk fint, då vinden hadde snudd slik at vi fekk bølgjene rett imot oss.



På vårsleppet i Bulandet skal ho ta grunnkurs. Då blir det vel krangling om kven som skal padle vårkveldane framover. :-)


tirsdag 23. februar 2010

Padletur måndag 22. februar 2010

I dag, måndag 22. 02.2010 var eg på ein tur frå gamlekaia i Askvoll, rundt Flatøyna og tilbake. Veret var flott og sjøen var flat.

Bilete frå eldre padleturar (Fram til 22.02.2010)

Her kjem ei samling padlebilete frå turar som vart gjort før denne bloggen vart starta opp:

Sjøløvetur 13. februar 2010. 24 padlarar var samla i Eivindvik ei helg:


Padlletur med Tron Ivar, vetlenyttårsafta 2009:


Romjula 2009:



Tur til Smellværet desember. Roger, Roy Ove, Kjell og eg:















På tur Med Kjell til Smellværet, desember 2009:




Ein fin forsommarkveld. Mot Stavfjorden:



Ein av dei første turane med grønlandsåra mi. Våren 2009:


Jeff Allen og Mark Schoon var på gjennompadling i Askvoll våren 2009:









Lysbileteserie frå ekspedisjonen. Her er Mark sin blogg og her er Jeff sin blogg

_______________________________________________________

Rulletrening februar 2009:

Frå Stormsamlinga 2006:

Frå grunnkurset på Bulandet 2005: