søndag 4. april 2021

Testtur med Hilleberg Akto!

Eg har investert i nytt telt, eit " Hilleberg Akto"- telt. Solotelt med pittelite fortelt. Eg måtte prøve det, så då vart det ein nærtur i området.

Reiste opp mot Åsen rundt kl 19.





Kusymre




Gløtt av sol



Ikkje mykje plass, men akkurat nok til ein person. Teltet er tenkt brukt til MC- turar og kajakkturar, der plass/ vekt er av betydning. 



Litt kjekt med litt god plass midt på inni teltet, til stasj. Og eit lite fortelt til sko og sekk. 









Innover mot Askvoll



Innover Dalsfjorden.




Gjeld å ha det rette fokuset..







Utover Vilnesfjorden.














God morgon! 

Det var litt kaldt i starten av natta, men med vinterpose og vind som stilna, kom det seg utover natta. Litt greitt å teste det i vind også..









Pakka og klar til returen..


Pluss med teltet:

  • Veldig enkelt å setje opp, og ta ned att. Med litt øving bør det gå på eit par minutt
  • Gjennomtenkte og gode løysingar, smarte strammarar og EI stang!
  • Gode høve til å lufte i begge ender av teltet
  • Halve innerdøra kan enkelt gjerast om til myggnetting.
  • Langt nok! Eg er 185 cm, og hadde god plass i det då eg låg!


Minus med teltet:

  • Litt for lavt for meg inni. Eg kunne sitje, men då var hovudet borti innerduken. 
  • Litt lite fortelt etter mi smak..
  • Prisen 😬



torsdag 1. april 2021

Dykking på Olsetneset

 

Første dykketur i år gjekk til Olsetneset. Kortreist, men fint område å dykke i. 




Ikkje så mykje liv, men fine fargar og former..















Det var begynt å bli grumsete, og verre blir det no framover på våren.














Området eg dykka i:



Merka godt at det var den kaldaste tida å dykke på i dag. Fraus skikkeleg på fingrane..







lørdag 27. februar 2021

Bulandet

 Eg fekk meg ein liten padletur i fint vårlys, ute i Bulandet. 






Stille og roleg på sjøen. Men det braut på dei "vanlege" stadane.












Sørover frå Middagsholmen
















Finn oteren..



Nord ved Gjørøyna..



Fin tur for kropp og sjel..

fredag 1. januar 2021

Godt nyttår!

 I 2021 skal eg prøve å bli flinkare å kome meg ut på sjøen.. Og då startar eg i alle fall bra, med tur på årets første dag!

Nydeleg dag! Mykje sol, sjølv no midt på vinteren.







Ved Flatøyna




Mykje oter ute ved Flatøyna. Men ingen blinkskot, dessverre. Her: Oterhovud




Oterhale



















Mot Lammetu



Innover att, mot Askvoll