I helga har eg vore instruktør for seks deltakarar på Grunnkurs Ung. Veldig kjekke dagar med mykje moro og god læring. Takk til assistentane Sindre og Isak, som ville vere med å hjelpe til desse dagane!
Klar for andejakt..
Alle bileta frå helga, finn du HER.
søndag 23. juni 2013
mandag 17. juni 2013
Aktivitetsdag ved Askvoll skule!
I dag hadde Askvoll skule padleaktivitetar for elevar frå 1.- 4. klasse. Veldig kjekk dag!
Artikkel om dagen frå Askvoll padleklubb si heimeside (1.- 4.klasse)
Artikkel frå dag nr 2. (5.- 10 klasse)
Artikkel om dagen frå Askvoll padleklubb si heimeside (1.- 4.klasse)
Artikkel frå dag nr 2. (5.- 10 klasse)
torsdag 13. juni 2013
"Moving brace"
Dette er eigentleg static brace, men på grunn av vinden, så flyt ein bortover overflata. Sidan vinden hjelper til med å prøve å halde kajakken på rett kjøl (vinden tek jo berre tak i den sida av kajakken som ligg over vasslinja), er denne varianten enklare enn vanleg static brace. Det bør vere ein del vind, men ikkje så høge bølgjer for å få til ein heil avslappa "moving brace". Ved bølgjer vil du få vatn over ansiktet. Uansett greitt med ein skikkeleg vasstett hette eller aller helst tuilik.
Under denne øvinga er det viktig å:
- Ligge mot vinden ;-)
- Sitje godt fast i kajakken. Gjerne med fotkvilarane lengre bak enn du brukar å ha dei
- Bananforma kropp. Ryggen skal danne ein boge. (Magen opp..)
- Du må trykke godt på den øvste fotkvilaren for å prøve å halde kajakken på rett kjøl
- Begge skuldrene skal ligge vassrett i overflata. Overkroppen skal flyte
- Åre- armen skal ein strekke ein ut på skrå, og er med på å halde oppe flyteevna
- Den andre armen skal halde under kajakken bak
Slik:
Video frå i går:
Det er verkeleg avslappande å liggje slik, og lett for å somne.. Men du vaknar nok etter ei stund..
Eit lite problem med å liggje slik, kan vere båtar/ bilar som sakkar farten og tenkjer sitt...
tirsdag 11. juni 2013
Rulletur
I dag fekk eg høve til å ta ein liten tur til Flatøyna og tilbake med TM Greenland, tuilik og longjohn. No er det begynt å bli så fin temperatur i sjøen at slike plagg er ok.
Ein liten rast på Flatøyna, som eigentleg er ulovleg (fuglereservat)....
..... men som er lov å gå i land på når t- skjorta gneg under armane. (står på forbudsskilta nedst med lita dårleg lesbar skrift..)
No trengte ikkje fuglane frykte meg, men eit ramnepar hadde sett seg ut nokre fine egg eller fugleungar til middag. Naturen er brutal, men "fiffig". Den eine ramnen "lata" som den skulle angripe, men trekte seg vekk frå reiret med begge foreldra etter seg. Så kom nummer to med fritt tilgjenge til egg/ ungar. Sleipe, men smarte ramnar..
Brooks- tuiliken. Litt dyr, men absolutt verd pengane!
Det vart naturleg nok ein del rulling i dag, og no er temperaturen så bra at det går an å halde på ei stund. Prøvde på ein del "avanserte rullar" med vekslande hell.. Så eg gjekk over til dei meir tradisjonelle. Trur eg må øve meir på desse før eg kan prøve meg på dei andre etterkvart. Det grunnleggjande må jo sitje godt! :-)

mandag 10. juni 2013
Vindsurfetur til Eimind
Søndag kveld vart det ein tur til Eimind. Det var liten kuling og bra med bølgjer.
-
Vest i havet var det også fin solnedgang
Litt padling mot Staveneset i vind og litt bølgjer:
Inn att vart det litt surfing. Sjølv om ikkje bølgjene var så svære, var det ein skikkelig dytt i denne:
Kveldshimmelen i Stavfjorden er vakker..
Til slutt forklaringa på kvifor melka på Vestlandet smakar salt..
fredag 24. mai 2013
Reverse and sweep... not
I dag vart det trening på "reverse and sweep"- rulla. Har nok ein del att endå, men trur eg skal klare det i løpet av sommaren. På slutten er det den siste vippen opp som manglar. Overkroppen er også heilt feil i høve til vassflata. Skuldrane skal jo vere parallelle med vassflata, og ein skal sjå ned mot botnen idet du går opp. Trur også eg må prøve å få åra høgare opp..
tirsdag 14. mai 2013
Stormrulle?
I ettermiddag var det klart for ein rulleøkt med Greenlanden. I dag ville eg prøve "stormrulla". I haust prøvde eg på "reverse and sweep" utan særleg hell. Kanskje er stormrulla enklare for meg?
Eg trur det er noko på gong.. Men denne hadde nok ikkje blitt godkjend i ein eventuell konkurranse. Eg må nok leggje meg meir på framdekket, og få begge skuldra i vatnet gjennom heile sveipet..
Kom gjerne med tilbakemeldingar!
Abonner på:
Innlegg (Atom)