torsdag 13. juni 2013

"Moving brace"


Dette er eigentleg static brace, men på grunn av vinden, så flyt ein bortover overflata. Sidan vinden hjelper til med å prøve å halde kajakken på rett kjøl (vinden tek jo berre tak i den sida av kajakken som ligg over vasslinja), er denne varianten enklare enn vanleg static brace.  Det bør vere ein del vind, men ikkje så høge bølgjer for å få til ein heil avslappa "moving brace". Ved bølgjer vil du få vatn over ansiktet. Uansett greitt med ein skikkeleg vasstett hette eller aller helst tuilik.

Under denne øvinga er det viktig å:


  • Ligge mot vinden ;-)
  • Sitje godt fast i kajakken. Gjerne med fotkvilarane lengre bak enn du brukar å ha dei
  • Bananforma kropp. Ryggen skal danne ein boge. (Magen opp..) 
  • Du må trykke godt på den øvste fotkvilaren for å prøve å halde kajakken på rett kjøl
  • Begge skuldrene skal ligge vassrett i overflata. Overkroppen skal flyte 
  • Åre- armen skal ein strekke ein ut på skrå, og er med på å halde oppe flyteevna 
  • Den andre armen skal halde under kajakken bak
Slik:


Video frå i går:




Det er verkeleg avslappande å liggje slik, og lett for å somne.. Men du vaknar nok etter ei stund..

Eit lite problem med å liggje slik, kan vere båtar/ bilar som sakkar farten og tenkjer sitt... 

tirsdag 11. juni 2013

Rulletur

I dag fekk eg høve til å ta ein liten tur til Flatøyna og tilbake med TM Greenland, tuilik og longjohn. No er det begynt å bli så fin temperatur i sjøen at slike plagg er ok.


Ein liten rast på Flatøyna, som eigentleg er ulovleg (fuglereservat)....


..... men som er lov å gå i land på når t- skjorta gneg under armane. (står på forbudsskilta nedst med lita dårleg lesbar skrift..)


No trengte ikkje fuglane frykte meg, men eit ramnepar hadde sett seg ut nokre fine egg eller fugleungar til middag. Naturen er brutal, men "fiffig". Den eine ramnen "lata" som den skulle angripe, men trekte seg vekk frå reiret med begge foreldra etter seg. Så kom nummer to med fritt tilgjenge til egg/ ungar. Sleipe, men smarte ramnar..


Brooks- tuiliken. Litt dyr, men absolutt verd pengane!


Det vart naturleg nok ein del rulling i dag, og no er temperaturen så bra at det går an å halde på ei stund. Prøvde på ein del "avanserte rullar" med vekslande hell.. Så eg gjekk over til dei meir tradisjonelle. Trur eg må øve meir på desse før eg kan prøve meg på dei andre etterkvart. Det grunnleggjande må jo sitje godt! :-)


mandag 10. juni 2013

Vindsurfetur til Eimind


Søndag kveld vart det ein tur til Eimind. Det var liten kuling og bra med bølgjer.

-

Vest i havet var det også fin solnedgang



Litt padling mot Staveneset i vind og litt bølgjer:




Inn att vart det litt surfing. Sjølv om ikkje bølgjene var så svære, var det ein skikkelig dytt i denne:



Kveldshimmelen i Stavfjorden er vakker..






Til slutt forklaringa på kvifor melka på Vestlandet smakar salt..


fredag 24. mai 2013

Reverse and sweep... not

I dag vart det trening på "reverse and sweep"- rulla. Har nok ein del att endå, men trur eg skal klare det i løpet av sommaren. På slutten er det den siste vippen opp som manglar. Overkroppen er også heilt feil i høve til vassflata. Skuldrane skal jo vere parallelle med vassflata, og ein skal sjå ned mot botnen idet du går opp. Trur også eg må prøve å få åra høgare opp..










tirsdag 14. mai 2013

Stormrulle?



I ettermiddag var det klart for ein rulleøkt med Greenlanden. I dag ville eg prøve "stormrulla". I haust prøvde eg på "reverse and sweep" utan særleg hell. Kanskje er stormrulla enklare for meg?










Eg trur det er noko på gong.. Men denne hadde nok ikkje blitt godkjend i ein eventuell konkurranse. Eg må nok leggje meg meir på framdekket, og få begge skuldra i vatnet gjennom heile sveipet..

Kom gjerne med tilbakemeldingar!

lørdag 11. mai 2013

Follevåg- Eidsfjorden


Fredag kveld fekk eg meg ein tur i eit område eg aldri har padla før, sjølv om det berre ligg 10 minutt unna med bil. Turen gjekk frå Breidevika ved Follevåg, og innover mot Eidsfjorden. Det var ein stille kveld med fin temperatur. Vårteikn overalt!


Utover mot Stavfjorden, før turen gjekk innover mot Stongfjorden:


Folvågsneset:


Dramatisk natur, men ingen hobbittar..


Vegen frå Stongfjorden mot Askvoll (R 609) Ser ut som ein geitesti, og det er geit også!


Innover Eidsfjorden. Eg snudde her, og padla tilbake.


Det klarna opp utover kvelden:




Det var begynt å bli grønt på bøane på ute på Staveneset:


Ekspress- båten på veg nordover mot Florø:




Det vart også ein tur til Eimindstranden, før eg padla tilbake til bilen.


Sjølvporttrett:


I kveld angra eg på at eg ikkje tok med ein fiskestong. Trur kvelden hadde vore perfekt for dorging etter sjøaure innover fjorden.. Men neste gong skal den med!



søndag 21. april 2013

Padlekurs?

Er du  nysgjerrig på padling og vil lære deg dei grunnleggjande tinga, eller har padla ei tid og har lyst til å lære meir?  I sommar kjem eg til å halde NPF- kurs her i Askvoll, alt etter kor mykje interesse det er. Det som er bestemt pr i dag, er at det vert eit grunnkurs den 13. og 14 juli. Eg kan halde kurs i juni og første halvdel av juli i sommar.

Eg kan også tilby introkurs og teknikkurs. Kursoversikt for sommaren 2013 (med prisar) vert oppdatert utover våren; HER.


Eg er utdanna NPF Turleiar og du får utdelt våttkort etter fullført introkurs eller grunnkurs. 

Send ein epost til odinhest(alfakrøll)hotmail.com om du er interessert, så set eg opp kurs etter kor mange som melder seg.