søndag 4. november 2012

Nydeleg dag!

I dag var det ideelle forhold for padling. Berre ein liten austatrekk som etterkvart stilna.


No er eg ikkje akkurat redd for bølgjer og vind.., men eg må innrømme at i ein travel kvardag, er det slike forhold som gjev meg det eg treng. Det å stoppe opp, å nyte naturen der ein vil, er sjelebot for ein frynsete firebarns- lærarsjel..


På Flatøyna vart det pause.






Kokekaffi skulle lagast. Då treng ein:

  • Brennar
  • Gass
  • Fyrstikker
  • Kokekaffi
  • Skei
  • Kopp
Dessverre ville ikkje kjelen vere med på tur i dag, så det vart ikkje noko kaffi...



Yngelproduksjonen i år ser bra ut!


Denne oteren oppdaga meg litt for raskt til at det vart bra bilete.


Gjennom Sauesundet:








Og inn att mot Askvoll!


lørdag 27. oktober 2012

Fuglesafari i skumringstimen

I ettermiddag vart det ein liten tur rundt Flatøyna. Mykje fugleliv i dag!

Desse to svanene har nok planar om å overvintre, så dei ser eg vel fleire gonger.


Lene sine båtar var også på plass ved gamlekaia, men utan Lene (trur eg?).


Utover vart det mørkare, men grei sikt likevel.


Snøbyger uti øyane:


Og hildring!


Rundt Flatøyna såg eg denne karen som landa på eit nes.


Dessverre var det blitt litt for mørkt for å få teke gode bilete, men serien har ein viss "malerisk" kvalitet..


Ut i frå fjørdrakta å dømme er vel dette ei ung havørn. Han var like nysgjerrig på meg, som eg var på han, og poserte villig vekk!


Når han flytta seg, sat han seg på ein anna stein like ved..




På veg innover kom det nokre snøbyger:




Men rett før eg kom att til kaia, klarna det opp:


Alt i alt ein fin tur!

fredag 12. oktober 2012

B- plan

I dag hadde eg eigentleg tenkt meg rundt Raudøyna nord for Atløy. Veret var fint, men det var litt kaldt i lufta.


Etterkvart som eg kom inn i Granesundet og over i Stavfjorden, auka vinden på. Og påståeleg, kald frålandsvind frå aust, er ikkje til å spøke med..Og når eg padlar åleine prøver eg alltid å tenkje: kva viss, dersom osb..


Det enda med at plan A vart lagd på hylla, og eg snudde tilbake til Askvoll. Der var det fortsatt roleg og fint.


Rart at det kan vere så store lokale forskjellar. Og det er spesielt når det er frålandsvind at ein kan oppleve slikt.

søndag 30. september 2012

Stormsamlinga 2012

Då var Stormsamlinga over for denne gong. Eg hadde teknikkurset på årets samling, med fem ivrige og flinke deltakarar. Her frå rulleinnlæringa med Maret:


Med årepose. Etter eit par dagars trening klarte Birte faktisk rulla eit par gonger!


Christian øver låge støttetak:


Denne kom vi over i eitt av Bulandets mange sund:


Alle bileta frå samlinga finn du HER.

tirsdag 25. september 2012

Meir rulling med tuilik!

No har eg fått min eigen tuilik. Brooks Custom Xl, kjøpt her i frå.

Klar til rulling med romsleg tuilik.


Etter litt oppvarming med vanlege standard grønlandsruller, var det tid for dei litt meir kompliserte. Først butterfly:





Frå kajakken:


Så handruller. Begge sider:


Frå kajakken:


Så det STORE problemet; Reverse sweep.. Får det ikkje til.. :-/


Frå kajakken:


Sjølv om eg har sett denne videoen  nokre gonger, og prøvar å fokusere på å gjere det rette, blir det berre tullball. Desse framoverlente rullene er nok som å lære rullene på nytt. Og eg trur eg har ein veg å gå. Viss det er nokon som har tips, set eg pris på tilbakemeldingar! :-)

mandag 17. september 2012

Rulleøkt med Tuiliq



I ettermiddag vart det ein liten rulleøkt på Øyra. Denne gongen med tuiliq. Litt uvant å ha eit plagg SÅ tett innpå kroppen, men det er i alle fall god isolasjonsevne på Brooks sin modell. Eg brukte ikkje vest i dag. Eg var berre i nærleiken av stranda heile tida. . .


Først vanlege høgre- og venstreruller: . . . . . Så to butterfly: . . . . . Trudde det skulle bli vanskelegare med static brace med tuliq, men det var i grunnen ikkje så stor forskjell. Det verkar som det er god flyteevne i tuliqen også. . . . . Hadde ikkje så lyst til å øve på dei litt meir usikre rullene i dag (handrulle og reverse sweep), sidan tuiliqen sat så stramt rundt cockpit at eg ville hatt problem med å lausne meg..

lørdag 8. september 2012

Kort kveldstur.

Sidan det har vore ekstemt travelt i det siste, har padlinga blitt lagt på hylla i denne perioden. Men i ettermiddag dukka det opp eit høve. Huset var vaska og støvsuga, og eg kunne ta meg ein tur utpå, med godt samvit!

Klar til tur! Grønlandsåre og Goltziana Marlin i dag:


Stille og fint utpå.


Nokre stader var det store stimar med småfisk i overflata:


Litt rulletrening måtte også til..




Ein kort tur er betre enn ingen tur! .-)