Stardalselva var ein flott stad for grunnkurs. Litt av kvart å øve seg på. Alt frå sakterennande djup elv, til grunn, rasktrennande med små stryk. I følgje Torbjørn var denne elva frå grad 1 til 2.
Her er vi klare til å gå utpå. Torbjørn Nordeide (instruktør) forklarar litt:
Andre´ mot straumen. Han hadde nok den mest krevjande kajakken, og var vel den som måtte symje mest:
Kristofer jobbar på:
Her er vi komen nedover mot Våtedalen. Her var det ganske rolege forhold:
Torbjørn inn i straumen. Artig å sjå på ein padlar med stor kontroll i slike forhold!
Nokre stader var det svært grunnt og mykje straum, så det vart ein del velt. Rulla sat nokre gongar, men vart litt "nedpsyka" av steinane som dunka mot hjelmen. Difor vart det ein del "wet- exit".
Her er eit bilete av Oddvinn og kajakken. Kvar for seg ;-)
Her eit bilete av meg i Creek- kajakken:
Det var eit svært lærerikt kurs og kjempehyggjelege folk! Overføringsverdien til havpadling (og spesielt brottpadling) som eg driv med til vanleg, er stor; Manøvrering og kontroll på vatn i rørsle.
Fleire bilete og tre videoar frå kurset ligg HER
Dei beste bileta og meir utfyllande tekst, sparar eg til ein artikkel som kanskje kjem i bladet; Padling.. ("Blod-på-tann- syndromet")