I dag fekk eg sjekke ut det marine livet utanfor Staveneset i Askvoll kommune. Eg hadde håpa på at sola hadde brote seg gjennom havskodda, men den gong ei.. Det vert jo finare bilete med sol, også under vassoverflata.
Mykje fisk å sjå. Mest småsei, men litt maneter og anna fisk også.
Vakkert i tareskogen..
Ferdig med økta. Fin temperatur eigentleg. Litt kaldt på fingrane og føter, elles greitt.
Er ikkje kvar dag det går an å dykke her. Som oftast er det litt for mykje rørsle i sjøen. Men i dag var det stilt og fint.
Magisk og spennande synes eg
SvarSlettSer ut som ein kjekk måte å utforske naturen på. Flotte bilder :)
SvarSlett