Kajakkane mine

tirsdag 21. januar 2014

Ups and downs..

Då har eg vore ute og trena litt fleire ruller. Det begynner å kome ein del på plass på høgresida no. Då er det verre med venstresida..

Nr 9: Standard roll with paddle held behind head:



Eg har nok vore litt utolmodig på å kome rundt tidlegare på denne rulla. No tenkjer ag at kroppen kjem seg over på den rette sida, så dreg eg åra bort på rett side, før eg går opp.

Nr 7: Spine roll:



Denne sat ikkje heilt godt, og må øvast mykje meir på..

Nr 15: Roll with arms crossed



Litt djup. Må få litt meir kneløft her. Dagen hadde også ein "surprise".

Nr 31: Hand roll holding eight kilogram brick, start tucked forward, finish leaning aft




Ein smule fornøgd padlar på slutten der, ja. (Om denne er 8 kg veit eg ikkje, men det er ein teglstein
som er laga lokalt.. ;-) for ein del år sidan, og det er ein stein som kan brukast fleire gonger!

Denne siste var jo artig, meen litt kjedeleg at ikkje vestresida er heilt med på desse litt meir kompliserte rullene. Det er dessverre litt for kaldt for å terpe så veldig lenge. Og bassengtrening er uaktuelt.

5 kommentarer:

  1. Kult! Imponerande med rulledrill i januar. :)

    SvarSlett
  2. Hmmm. Når andre driver og øver på alskens ruller må jeg kanskje skjerpe meg og øve mer på min ene…

    SvarSlett
  3. Med tuilik, gode hansker og ekstra hette oppå tuiliken, gjekk det greitt. Men meir enn ein halvtime klarte eg ikkje, Lene. Miamaria: Veldig viktig å øve på den eine rulla også ;-)

    SvarSlett
  4. Rått med handrulle! Kjenner jeg ble litt inspirert nå - må vel kansje kjøpe inn en Greenland som "barnebåt" for å ha ren rullebåt jeg og hvis jeg ikke snart lærer meg handrulle i 520´n. Ut i morgen formiddag - da skal det prøves arms crossed og kansje noe annet tøys :)

    Keep up the good work! Blir er bra score på NM av dette Odin!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kan absolutt anbefal Zeegul LC. Fantastisk rullebåt, men sjekk at du kjem nedi! ;-)

      No kan eg såpass mange rullar at det er litt jobb å øve på alle.Så det er langt i frå sikkert at eg hadde klart alle i ein rullekonkurranse..

      Slett