Då har eg øvd så mykje på "chest- scull"- rulla, at eg kan seie at eg kan den..
Høgre side:
Venstre side:
Venstre side er nok ikkje heilt perfekt enno. Slit litt med å kome skikkeleg fram på dekket. Her ligg nok også forklaringa på at eg ikkje får til "reverse and sweep" på denne sida. Må øve meir på venstresida på alle rullene.
Her er norsaq- rullene i ein betre utføring enn sist, trur eg..
Høgre side:
Venstre side:
Så dagens "surprise":
Nr 28 (Handrulla med knytta neve. Begynne framme, avslutte bak) Eg såg Dubside på DVD i går, og då tenkte eg at denne hadde eg kanskje ein sjanse til å klare..
Og høgt oppe som eg var, ville eg også teste denne..
Det gjekk ikkje heilt bra, men eg var overraska kor nær eg var... Litt nærmare framdekket med hovudet, så kanskje neste gong?
Elles har eg lagt inn nye snuttar på denne sida. Det gjeld bakover- scullingane, standard rullene og norsaq- rullene. Var ikkje heilt fornøgd med dei gamle. Stort sett blir ein jo flinkare, sjølv om ein kan oppleve tilbakeskritt.
Stilig! Likte norsaq´ene! Har så lyst på en sånn en!
SvarSlett