Kajakkane mine

torsdag 15. august 2013

Padletur med eldstemann og litt stormruller..

Onsdag kveld hadde mor og far bestsemt at eldstemann måtte bort frå dataen og trimmast. Og sidan far trengde å øve på stormrullene som han lærte på Stokkøya, vart det padling.

Isak, er i den sjarmerande alderen 15 år:


Ein flott kveld:


Han fekk prøve grønlandsåra også. Må jo prøve å misjonere litt...




Vi padla rundt Flatøyna.


Og no har det begynt å bli mørkt om kveldene. Mørkret kjem fort i august..


Det vart også (som tittelen på innlegget seier) litt trening på stormrullene. Denne øvinga  lærte eg på Stokkøya. Den er veldig fin for å få inn dei rette rørslene:



No sit stormrulla på høgresida på om lag 70 % av forsøka. Men det må trenast meir, i tillegg til venstresida..




No må eg berre få på plass at dei andre rullene eg har mista. (Handrullene/ Shotgun- rulla og "Crook of elbow- rulla".)

Forferdeleg kjekt å ha SÅ mange ruller å trene på framover! :-)

Synd at det ikkje er så mange andre her i nærleiken som er så "rulle- nerd" som meg.. Hadde trengt litt selskap..

10 kommentarer:

  1. Eg er med på rulletrening;) når er neste trening?:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjem du ut til helga, så er eg klar! :-)

      Slett
  2. Haha eg ikar den sjarmerande alderen :D Ser ut som ein fin tur,fine bilder :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe.. Takk for det. Godt og varmt i vatnet til trening på denne tida også!

      Slett
  3. Svar
    1. Thank you! :-) I`m starting to understand the setup- position..

      Slett
  4. Flott alder 15 år:)) da passer det bra med utfordringer:)) dere fikk iallefall en nydelig kveld.

    Gratulerer med overstått også:))

    SvarSlett
  5. Jada, vi hadde ein flott tur! Takk for gratulasjonar! :-)

    SvarSlett
  6. Johnny her, kallen te marit. E blitt litt rulle nerd eg og, har lært meg litt sjøl i sommar. Berre send ein melding når du har tenkt deg sta, so kjeme eg te askvoll vist da passa. E no heime fortida. 90621989

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp! Vi må prøve å få til noko! Likar rullenerdar! ;-)

      Slett