I dag prøvde eg ut ein ny stad å dykke, Breidevika ute ved Follevåg.
Her kom det ned ein bekk som gjorde at sikta vart dårleg, men utover mot Kobbeneset vart det klarare.
I dag prøvde eg ut ein ny stad å dykke, Breidevika ute ved Follevåg.
Her kom det ned ein bekk som gjorde at sikta vart dårleg, men utover mot Kobbeneset vart det klarare.
Laurdag 3. juni fekk eg meg ein skikkeleg langtur i kajakk rundt Atløy. Turen tok 6 timar og var omlag 30 km lang.
Torsdag og fredagen denne veka fekk eg meg to dykketurar i litt meir "hav- miljø". Eg fann eit sund som låg opent mot havet mot nordvest, men likevel ganske skjerma.
Det å dykke åleine på slike stader skal ein jo vere litt forsiktig med, men eg tok INGEN sjanser, og det vart for det meste snorkling. Berre nokre få dykk, og då ikkje så djupt.
Torsdagen var det gråver og litt dårleg lysforhold. Det var mykje betre om fredagen.