Laurdag 3. juni fekk eg meg ein skikkeleg langtur i kajakk rundt Atløy. Turen tok 6 timar og var omlag 30 km lang.
torsdag 15. juli 2021
Atløy rundt!
Ein video som viser padleteknikken med reserveåra mi (stormåra). Den er så kort at ein må skifte grep på kvart tak. Litt meir energikrevjande, men veldig effektivt. Filma frå froskeperspektiv.....
Elles ein flott tur! Og godt å kunne padle så lange turar, sjølv om eg kjende det godt i kroppen på søndagen....
søndag 27. juni 2021
Maritim ferie i paradis, del 2
Torsdag og fredagen denne veka fekk eg meg to dykketurar i litt meir "hav- miljø". Eg fann eit sund som låg opent mot havet mot nordvest, men likevel ganske skjerma.
Det å dykke åleine på slike stader skal ein jo vere litt forsiktig med, men eg tok INGEN sjanser, og det vart for det meste snorkling. Berre nokre få dykk, og då ikkje så djupt.
Torsdagen var det gråver og litt dårleg lysforhold. Det var mykje betre om fredagen.
Ikkje lett å få ein brennmanet til å bli heilt klar.. Eg tok sikkert 300 bilete denne dagen, men berre omlag 5 % vart klare. Det kan godt hende det hadde vore betre med eit anna kamera, andre kamerainnstillingar og meir lys? (lykt). Men det er vanskelege forhold når ALT er i rørsle og lysforholda er så varierande. Difor kan det forekome nokre uklare bilete her..
Raudnebb?
Maritim ferie i paradis, del 1
Denne veka hadde vi fine dagar på Bulandet. Eg reiste ut åleine på måndagen og fekk ein padletur heilt for meg sjølv. Det trengde eg etter ein travel vår på skulen. Godt å få la tankene fare.. puste med magen... berre vere...
Abonner på:
Innlegg (Atom)