I 2021 skal eg prøve å bli flinkare å kome meg ut på sjøen.. Og då startar eg i alle fall bra, med tur på årets første dag!
Nydeleg dag! Mykje sol, sjølv no midt på vinteren.
I 2021 skal eg prøve å bli flinkare å kome meg ut på sjøen.. Og då startar eg i alle fall bra, med tur på årets første dag!
Nydeleg dag! Mykje sol, sjølv no midt på vinteren.
Idag vart det dykking i nærområdet, nærmare bestemt Olset. Det vart eigentleg ein testtur for kameraet og setedekket som eg har kjøpt frå Frivannsliv. Konklusjon om begge finn du nedst i bloggen.
Klar til å setje meg i bilen. Greitt å kle seg om heime..
Her er trekket som eg brukte i dag. Fordelen er openbar. Ein kan setje seg rett inn i bilen med drakta på, og køyre rett heim til varm dusj etter dykkinga..
Dykkeområdet i dag.
Rur og albogeskjel.
Litt fiskeyngel.
Konklusjon om setetekket: Genialt! Tenkte at siden den ikkje hadde lomme nede, kom det til å skli rundt på setet. Men på grunn av den gummierte undersida var det heilt stabilt. Og det samla opp vatn frå drakta! Setet var heilt tørt etterpå. Lett å ta på og av. Lett å skylje og henge opp. Ingen stader vatnet kan samle seg. Terskelen for å dykke om vinteren, har med eitt blitt mykje lågare! Hurra!
Måndag 31. august fekk eg meg ein padletur nord for Atløyna,, til Raudøyna. Og denne kvelden var det lett å forstå namnet.. Det var også den første turen eg fekk, med dette kameraet: