mandag 12. august 2019

Fine dagar i Førdefjorden!


I den heitaste perioden i slutten av juli, hadde Sygni og eg ein fin tur ytst i Førdefjorden.



Her pakking i rundt 30 varmegradar..



På veg ut til øya der vi sette opp teltet..






Den første kvelden, var det berre å organisere teltplassen, og nyte solnedggangen..






Neste dag var det så varmt, at det var berre å kome seg i sjøen...






Mange fine og sterke fargar under overflata..






Utruleg kjekt å fridykke, og fint område å halde på i.



Sjøanemone



Så kom kvelden med båling, prating og nyte kveldens solnedgangsshow..






Ny dag, og meir dykking. Litt anna område. Meir å sjå, og vi vart blitt tryggare. Øving gjer meister..




Denne dagen var vi litt lengre ute, og brukte difor blåse..


Sygni trenar kvalspark :-)




Ei ny og spennande verd under overflata..





 Så vart det kveld, og vi padla tilbake til bilen...



Fin kveldshimmel laga ein verdig avslutning på fantastiske dagar i svært godt selskap..


Eit minne for livet..

Sygni sin versjon

søndag 5. mai 2019

Påsketur!


 I påska var eg så heldig å få meg ein padletur! Sygni og eg la ut om ettermiddagen, og turen gjekk rundt Flatøyna, innom gamlehuset på Sauesundsøyna, og gjennom Sauesundet og tilbake.



Her på Flatøyna er det fredningstid no, så vi prøvde å halde oss litt på avstand..







På Sauesundsøyna var det nokon som forelska seg i gammaldagse påskeliljar, og tok med seg nokre av desse. Kva er meir naturleg, enn å padle med påskeliljer i bakluka i påska! :-)



 Det vart etterkvart ein veldig fin kveld..




Gjenom Sauesundet..



På vegen heimover stilna det heilt..



Og månen titta opp. (Og månen er i same kategori som store bølgjer. Best å oppleve, alltid skuffa når ein sjekkar bileta etterpå...)



Ein kjekk og fin tur i godt selskap. Takk for turen, Sygni!

HER er Sygni sin vesjon av same turen..

fredag 5. april 2019

April- tur

I kveld vart det ein liten tur i finveret rundt Flatøyna.



Fin kveld for padling..






Godt å sjå at tjelden er komen.



 Desse to karane lurte litt på kven eg var, og eg vart litt usikker..






På dei siste to bileta her, ser det ut som at fotoapparatet held på å ta kvelden. Slit med lysforholda..




Vakkert..

tirsdag 5. mars 2019

Rundt Hatløya

Søndag 3. mars fekk vi oss ein fin tur rundt Hatløya i Ulsteinvik.


Sygni hadde fått ny kajakk, ein Zegul Play LV.  Den måtte sjølvsagt testast.






Vi la ut frå Osnessanden.



Fin kajakk med fine linjer..



Påskestemning.



Sol i tang.. I dette området såg det også kjempefint ut å dykke, ein gong seinare.



Inn mot Borgarøy for ein liten beinstrekk.



Her var det fint å sitje i solveggen.









Og korleis Sygni opplevde den nye kajakken, kan du lese om HER:

torsdag 28. februar 2019

Dykking i Tovågen

Siste helga i februar var Mildrid, Sygni og eg på dykking i Tovågen. Etter å ha sett igjennom bileta frå økta, tenkte eg alle var mislukka, men det viste seg at nokre gjekk an. Derav blogginnlegg:-)



Sygni



Vktig å utligne på veg ned.



Ganske klart i vatnet enno, men det har nok begynt å kome litt algar inni fjordene.






Nokon som veit kva desse heiter?






Mildrid gjekk langt ned, og demonstrerer her kvalspark.






Bøye er obligatorisk..




Ein fin økt. Men vi vart litt kalde. spesielt på fingane og føtene..

Sygni sin versjon av dykkinga.