lørdag 14. februar 2015

Askvoll- Follevåg

I dag gjekk padleturen til Follevåg. Eg juksa litt, og vart henta der med bil. Det var ikkje så veldig fristande å padle tilbake gjennom Granesundet..

Det var ganske vårleg og fint i dag.


Under: Ikkje carport, men kajakkport:



Skvalpeskjeret ved Eimind fyr:


 Mykje skarv på vengene i dag:



 Det kan vere at eg har ein tiltrekningskraft på herrelause stolar, men denne fann eg på stranda. Då vart det sjølvsagt til eit ny "chairfee"



 Vakkert på Eimind..


Tilbake inn att mot Granesundet. Det hadde begynt å klarne opp.




 Picnic i tareskogen


Stolen vart sjølvsagt med heim.


 Inn mot Follevåg, med Stongfjorden vidare innover.




 Mine to supre årer. Aleut- åra er berre heilt fantastisk!


Vente på transporten heimover..


Og; Sola har begynt å varme, så det merkast godt! Det blir nok vår i år også..

søndag 18. januar 2015

Flott vintertur!


I dag var det såpass fint, at eg måtte ein tur utpå. Dagen begynte med ganske mykje havskodde..


Etterkvart klarna det opp, og vart ein fin dag:


Stille og roleg i dag, etter veker med drittver:






Fata Morgana:





Tangtrollet!


Oter var det nok av, men den var litt var i dag. Her er ein på veg ned att i sjøen.




Mykje skarv i dag også:


Klart i sjøen no på vinteren:


Super tur, og veeeldig lenge sidan sist.. Det gjorde godt for kropp og sjel..

onsdag 19. november 2014

Novembertur

Lenge sidan sist padletur, men i dag vart det ein liten ettermiddagstur rundt Flatøyna.


Ein verden av pastellfargar..


Skarvegjengen:


På neset var det to oterar som ikkje fekk med seg at eg kom.


Litt vanskeleg å få auge på dei her, godt kamuflerte inni mellom tangen.


 Eg kom heilt på sida av dei før dei oppdaga meg. Då hoppa den eine rett inn i sida på kajakken min. Altså; ikkje så veldig godt syn på desse dyra..






Guano. Naturens kunstgjødsel.


Ein tur på land for ein matbit og litt varm drikke.








Denne båten er ikkje akkurat bygd for fart.


Tilbake mot Askvoll



søndag 5. oktober 2014

Bilete frå grunnkurs 4. og 5. oktober

I helga hadde eg fire spreke deltakarar på grunnkurs her i Askvoll. Her klare til å padle, etter litt tørrtrening på å løyse ut trekket:


Laurdag var det så pass mykje vind på Øyra, at vi i starten var inne i båthamna, for gjennomgang av dei ulike teknikkane.


Ann Kristin i godt driv!


Veronica og Arne:


Her etter redningsøvingane på laurdagen:


Søndagen roa det seg ned med vinden, slik at vi fekk oss ein lengre tur.




På veg innover mot Kyllaren:




Etterkvart klarna det opp og vart ein flott dag!


Gåsefar med ungeflokken etter..




På veg ut att mot Øyra:






Vi avslutta kurset på søndagen med nok ei treningsøkt med redningar. Olai har god kontroll på "cowboy- redninga":


Ann Kristin også:


Noko av det viktigaste vi lærer på kurset, er kameratredning:




Alt i alt to fine dagar, med ein sporty gjeng!