På Stokkøytreffet i år fekk eg teke ein del videoar av nokre av dei mest avanserte rullene til dei to som kom på første og andreplass i herreklassen. ( 324 poeng til Pål og 323 poeng til Jon David)
Reknar med at det er fleire som har glede av å sjå desse. Her er det mykje å lære! ;-)
Tusen takk til Pål Gustad og Jon David Jenssen som har gitt tommel opp til at desse kan publisert!
Eg har så mange småsnuttar at eg må dele opp i tre innlegg. Eg tek rullene i nummerert rekkefølgje. (etter
denne lista) Eg har flest videoar med Pål. Det trur eg er fordi han låg litt nærmare under konkurransen. ;-) Også ein overvekt av venstreruller, ser eg. Det var jo stort sett frå den sida eg filma i frå. Kvaliteten er ikkje heilt prima, men ein ser kva som foregår..
Første rulle er Pål Gustad sine "Spine roll" (nr 7), begge sider:
Denne tok eg med fordi eg sjølv har lurt litt på kva ein gjer med åra på slutten. Som videoen viser, er det greit å la åra liggje vinkelrett ut frå kajakken etter endt rulle, for så å ta den opp i utgangsposisjon.
Så er det Pål sin "Sculling roll with paddle held horizontal above backrest" (nr. 14)
Så er det Jon David sin "Sculling with paddle held under kayak", venstre side (nr. 16:
Same rulla av Jon David, men på høgre side:
Resten av rullene i dette innlegget er med Pål Gustad.
Så gjentakande ruller, først stormruller, høgre side (nr. 17):
Speed storm, venstre side (nr 17):
Så speed standard, venstre side (nr 18):
Speed standard, høgre side (nr. 18):
Neste del vil vere meir likt fordelt mellom Pål og Jon David, og vil ha med både norsaq- og mursteinsruller.
Stay tuned...