søndag 13. januar 2013

Flott vintertur!

I dag kom eg meg opp i 9- tida. Ikkje alltid så freistande å forlate den varme dyna for å padle i 6 minus. Men når ein veit kva som ventar, i tillegg til den fantastiske kjensla etterpå, er det eigentleg ikkje noko tvil.


Sauesundet.






Ein serie med skarv på sjømerke.






Her meinte han at nok var nok. Eg hadde fått bileta mine..


Denne oteren heldt på med fukosten.


Sola skin på fjella.


Båt på veg sørover.


Til slutt dukka sola opp.


Litt geologi.


Inn att til land.


Eg brukte Ursuk- hanskane på heile turen i dag. Litt småkaldt på fingertuppane, men overraskande gode i mange kuldegrader. Og like godt grep på euroåra som på grønlandsåra. Muffar er nok best når det er kaldt, men hanskane er nok betre om ein hamnar i sjøen..

søndag 6. januar 2013

Dagens outfit!

Eg har slitt litt med kalde fingre når eg har rulla om vinteren. Så etter å ha fått tips om desse hanskane frå Ursuit, skaffa eg meg slike. I same slengen kjøpte eg ei hette frå Ursuit også.

Hanskane og hetta var kjøpt hos Alfa Fritid i Tromsø, som eg tidlegare har hatt gode erfaringar med.

Ursuit- hetta skulle utfordre denne hetta som eg har hatt ei stund, ein O`Neill 3 mm XS (som også kan skaffast hos Alfa Fritid).


Her er er på veg utover i dag. Hadde høyrt rykte om andre som skulle padle i dag, men dei såg eg ikkje mykje til. (No var det jo ganske mykje skodde, så det var ikkje så lett å sjå noko som helst..)


Hanskane må eg berre seie var ein svært positiv oppleving. Terningkast 6! Veldig godt grep på åra, både når dei var tørre og våte. Svært behageleg å ha på, og god passform. (str L). Vanlegvis har eg lyst til å slite av hanskar eg har på, og hive til sjøs, men med desse tenkte eg ikkje over at dei var på ein gong. Dei heldt varmen overraskande bra også, sjølv etter ein del ruller.

På svært kalde dagar, er ein kombinasjon av desse og muffar bra, trur eg.


TM Greenland er ein super rullekajakk, men ingen langturkajakk. Difor måtte eg på land på dette skjæret, for å strekke på sovande bein.


Mykje skarv ute i dag. Og dei kretsa rundt meg, som vanleg..


Etter kvart klarna det opp, og vart ganske fint.




Så skulle hetta frå Ursuit testast..

Først standard rulle på høgre side:

   Så venstre side:

Dessverre var hetta frå Ursuit ein nedtur. Eg kjøpte small, for at den skulle sitje klistra til hovudet ved rulling. Sidan denne ikkje har snøring framme slik O`Neill- hetta har, kom det inn mykje vatn. Og ein hette som slepp inn vatn, er ikkje mykje tess. Då vert vatnet som kjem inn, liggande mot øyret. Då er det nesten betre utan hette, då renn i allefall vatnet vekk.. Ursuit- hetta er betre enn NRS sine hetter, men ikkje så mykje. Eg syns ikkje isolasjonsevna var god nok heller. Det var kaldt i bakhovudet, då eg låg og sculla. O`Neill- hetta er mykje varmare. Terningkast 2. Kan til nød brukast som sommar- hette.

søndag 30. desember 2012

Årets siste tur

Endeleg var formen såpass at ein padletur var oppnåeleg. Hadde planar om mykje padling i jula, men når kroppen ikkje er på lag, er det ikkje så enkelt..

I dag vart det ein tur innover våtmarksområda mot Straumsbrua. Mange nyansar i grått i dag. Eg har også leika meg litt med "tunnelsyn- effekten" på kameraet:




















Eg vil også ynskje alle lesarane av bloggen min eit godt nytt år!

onsdag 12. desember 2012

12.12.12

Kva er meir naturleg enn å padle, den 12.12.12? Og når ein har litt avspasering til gode, opna det seg opp eit høve. Klokka 9.00 var eg klar for tur!


Pastell- nyansar..


Sola låg å vaka lenge i horisonten, før den våga seg opp.


Det var litt kaldt å ta pause i dag. Det vart ikkje lange stunda.


Vinterstemning.






Klokka 10.25 dukka sola opp.. Den hadde nok forsove seg.


Om 9 dagar går det heldigvis mot lysare tider!


Ein flott start på dagen!

lørdag 1. desember 2012

Rulling med neglesprett!

I dag fekk eg tid til ei lita rulleøkt. Med 3 minusgrader, snøbyger og vind, var det ein kald fornøyelse. Det er nesten som eg vurderar å begynne med bassengtrening.. (berre nesten..)


Standard grønlandsrulle, høgre side:



Standard grønlandsrulle, venstre side:



Buttefly- rulle. Denne er av ein eller anna grunn ikkje med i konkurranse- programmet.


Sculle på sida.



Static brace (Ballanced brace). I dag fokuserte eg på å skli opp på bakdekket, og ikkje gå under å rulle opp att. Det gjekk fint så lenge ein ser opp, og passar på å ha hovudet langt nok ned.



Slik såg hånda utt etter ei økt. Det er stort sett hendene som er problemet når det gjeld frysing. Skulle fått tak i nokre tynne neoprenhanskar som varma litt..


søndag 25. november 2012

Tidleg morgontur med Tron Ivar

Klokka 8.00 i morges, var vi klare for padling. Det var ganske mørkt då vi starta, men det kom seg etterkvart.


Refleks er stort sett positivt, bortsett frå når ein skal bruke blitz.


Her er vi på veg gjennom Sauesundet.






Tron Ivar har kjøpt seg ny kajakk, ein NDK Explorer HV. Her ved sida av min (som er ein Explorer standard):




Tilbake frå Flatøyna byta vi kajakk. Litt uvant med så mykje volum under dekk, men padleeigenskapane var dei same. Skroget under dekk, er jo likt.


Tron Ivar rullar min kajakk, og konstanterar at rulleeigenskapane er dei same også..