I ettermiddag vart det ein liten tur rundt Flatøyna. Mykje fugleliv i dag!
Desse to svanene har nok planar om å overvintre, så dei ser eg vel fleire gonger.
Lene sine båtar var også på plass ved gamlekaia, men utan Lene (trur eg?).
Utover vart det mørkare, men grei sikt likevel.
Snøbyger uti øyane:
Og hildring!
Rundt Flatøyna såg eg denne karen som landa på eit nes.
Dessverre var det blitt litt for mørkt for å få teke gode bilete, men serien har ein viss "malerisk" kvalitet..
Ut i frå fjørdrakta å dømme er vel dette ei ung havørn. Han var like nysgjerrig på meg, som eg var på han, og poserte villig vekk!
Når han flytta seg, sat han seg på ein anna stein like ved..
På veg innover kom det nokre snøbyger:
Men rett før eg kom att til kaia, klarna det opp:
Alt i alt ein fin tur!
lørdag 27. oktober 2012
fredag 12. oktober 2012
B- plan
I dag hadde eg eigentleg tenkt meg rundt Raudøyna nord for Atløy. Veret var fint, men det var litt kaldt i lufta.
Etterkvart som eg kom inn i Granesundet og over i Stavfjorden, auka vinden på. Og påståeleg, kald frålandsvind frå aust, er ikkje til å spøke med..Og når eg padlar åleine prøver eg alltid å tenkje: kva viss, dersom osb..
Det enda med at plan A vart lagd på hylla, og eg snudde tilbake til Askvoll. Der var det fortsatt roleg og fint.
Rart at det kan vere så store lokale forskjellar. Og det er spesielt når det er frålandsvind at ein kan oppleve slikt.

søndag 30. september 2012
Stormsamlinga 2012
Då var Stormsamlinga over for denne gong. Eg hadde teknikkurset på årets samling, med fem ivrige og flinke deltakarar. Her frå rulleinnlæringa med Maret:
Med årepose. Etter eit par dagars trening klarte Birte faktisk rulla eit par gonger!
Christian øver låge støttetak:
Denne kom vi over i eitt av Bulandets mange sund:
Alle bileta frå samlinga finn du HER.

tirsdag 25. september 2012
Meir rulling med tuilik!
No har eg fått min eigen tuilik. Brooks Custom Xl, kjøpt her i frå.
Klar til rulling med romsleg tuilik.
Etter litt oppvarming med vanlege standard grønlandsruller, var det tid for dei litt meir kompliserte. Først butterfly:
Frå kajakken:
Så handruller. Begge sider:
Frå kajakken:
Så det STORE problemet; Reverse sweep.. Får det ikkje til.. :-/
Frå kajakken:
Sjølv om eg har sett denne videoen nokre gonger, og prøvar å fokusere på å gjere det rette, blir det berre tullball. Desse framoverlente rullene er nok som å lære rullene på nytt. Og eg trur eg har ein veg å gå. Viss det er nokon som har tips, set eg pris på tilbakemeldingar! :-)

mandag 17. september 2012
Rulleøkt med Tuiliq
I ettermiddag vart det ein liten rulleøkt på Øyra. Denne gongen med tuiliq. Litt uvant å ha eit plagg SÅ tett innpå kroppen, men det er i alle fall god isolasjonsevne på Brooks sin modell. Eg brukte ikkje vest i dag. Eg var berre i nærleiken av stranda heile tida. . .
lørdag 8. september 2012
Kort kveldstur.
Sidan det har vore ekstemt travelt i det siste, har padlinga blitt lagt på hylla i denne perioden. Men i ettermiddag dukka det opp eit høve. Huset var vaska og støvsuga, og eg kunne ta meg ein tur utpå, med godt samvit!
Klar til tur! Grønlandsåre og Goltziana Marlin i dag:
Stille og fint utpå.
Nokre stader var det store stimar med småfisk i overflata:
Litt rulletrening måtte også til..
Ein kort tur er betre enn ingen tur! .-)

tirsdag 14. august 2012
Teknikkurs UNG
Måndag 13. og tysdag 14. august heldt eg mitt første teknikkurs som turleiar. Fem deltakarar frå 13- 18 år hadde meldt seg på dette ungdomskurset. Veldig kjekke og lærerike dagar, både for meg og deltakarane. Stor takk til Roger, som var med som god hjelpar tysdag, då vi var i Staveneset. Vanlegvis er dette eit verhardt område, men denne dagen var det ganske flatt hav..
Alle bileta frå dei to dagane finn du HER.
Alle bileta frå dei to dagane finn du HER.
Abonner på:
Innlegg (Atom)