søndag 28. november 2010

Kald novembertur med nytt kamera

Det vart ein kald tur på Oddvinn og meg rundt Flatøyna i dag. Av alle vinder, er frålandsvinden frå aust den kaldaste. Det var ikkje så mykje hjelp å få frå sola i dag heller. Berre litt lunk. På denne turen vart det også høve til å teste det nye superzoom kameraet mitt, Olympus SP-800 UZ.

Dette bilete tok eg av morgonhimmelen like før sola kom opp. Ganske spesielt mønster..

Her er vi komen utpå sjøen. Oddvinn med fjella i Askvoll i bakgrunnen.


Atløy med ein del av Flatøyna i framgrunnen. Her er det ofte oter, men i dag såg vi ingen. Dei gøymde seg vel for den kalde vinden. Hadde håpa på gode bilete med det nye kameraet.. ;-/

Vi var i land for ein pause før Sauesundet. Den varte ikkje lenge. Det vart for kaldt å sitje i ro.

I dag var det Marlinen og Xciten som fekk vere med på tur. Ikkje heilt ulike typar kajakkar.

På pausestaden var det ferdig pynta til jul.. Mangla berre litt snø.

Medan vi padla danna det seg slush oppå kajakken og sprutrekka. Det er ikkje daglegdags på våre kantar.

På slutten var vi så kalde at vi måtte ha ein sluttspurt. Og det hjalp. Vi vart fort varme i fingrane att. Og i dag vart prinsippet om å alltid gå våt på land brote. Ikkje så veldig fristande med rulling i dag. Ein ting var temperaturen. (ca -6), ein annan ting var vinden. Trur eg gjorde rett..

søndag 14. november 2010

Smellværet i november

Søndag 14. november var Roy- Ove, Kjell og eg ein tur ut til Smellværet. Det var nesten vindstille, men ute ved Smellværet er det alltid bølgjer som bryt, uansett vind.. 
På denne turen brukte eg TM Greenland T- kajakken. Den viste seg å vere kjapp og lett å manøvrere, men ikkje akkurat noko brottpadlingsbåt. Litt for ustabil og litt for lite volum for den slags. Hadde også med den nye reserveåra som eg har kjøpt hos Thygesen. Ei stormåre på 190 cm. Fekk ikkje prøvd den i dag.

Her på veg utover:

Kjell med sin Aquanaut LV:

Området har mange undersjøiske skjær som gjer at bølgjene kan byggje seg opp mange stader. Og det er ikkje alltid så lett å forutseie kvar, og kortid dei kjem.

Ut frå Kråka, der vi hadde hatt matpause.

Roy Ove var den som var mest ivrig til å leike i dag. Han fekk difor bada seg eit par gonger.


Kvar er han no?  Har kong Neptun teke han?

Nei.. Der var han visst!
Etter denne "handsaminga" av havet, mista Roy- Ove framluka si. Vi trur den sank. Vi fann den i alle fall ikkje att. Dermed bar det til lands for å tette holet.


Eg hadde med eit sitjeunderlag som vi forma til, og vi hadde på sølvtape rundt, og over holet. Eit nydeleg stykkje arbeid vart det til slutt.. ;-)

På veg innover hadde det klarna i vest, slik at lyset var begynt å bli bra for fotografering.

Her er eg med TMGT- en min.

Vi såg også mykje ørn, skarv og sel. Prøvde å ta bilete, men dessverre ingen vellukka. Trur eg må skaffe meg eit ultrazoom- kamera snart... Og det er jo snart jul.. ;-)

Kjell sin rapport frå turen finn de her.

lørdag 6. november 2010

P&H Cetus mot NDK Explorer. To solide britar!

Etter å ha lånt ein NDK Explorer i snart ein månad, og vore eigar av ein P&H Cetus i over to år, tenkte eg det kunne vere interessant med ei samanlikning av desse to britiske ekspedisjonskajakkane. Begge desse to er standardutgåver. Cetus finns også i LV og explorer i LV og HV.

Cetusen til venstre, exploreren til høgre:




        P&H Cetus:          
         Lengd: 548 cm         
Breidde: 57 cm
Vekt ca 28 kg
Volum: 379 l

NDK Explorer:
Lengd: 540 cm
Breidde: 54 cm
Vekt:  Ca 27
Volum: 313,5 l

(Litt vanskeleg å finne eksakt vekt på exploreren. Av desse to kajakkane verkar exploreren tyngre enn cetusen)

Eg har valt å dele samanlikninga opp i "tur- eigenskapar" og "leike- eigenskapar". Skal prøve å fokusere på bruk og korleis desse oppleves å padle, og ha mindre fokus på byggtekniske ting.


Som bileta viser, så røpar dei eigenskapane til desse to modellane. Exploreren er meir leiken og cetusen meir stabil.
Cetusen er lågare, lengre og har mindre spring. Cetusen har såkalla swedeform. Dvs breiast bak cockpit.

P&H Cetus:


Tur- eigenskapar:
Cetusen er ein kajakk som trives på tur. Med store lukar er den lett å pakke i. Den er stort sett retningsstabil, og med senkekjølen nede er den heilt retningsstabil.
 Den oppleves som veldig stabil. (Både primær- og sekundærstabilitet) Dette er ein kajakk som er fin å bruke til fotografering. Har hatt denne ute på Bulandet nokre samlingar. Då er det ingen problem å sleppe åra for å fotografere, sjølv i store bølgjer og dønningar. Med litt oppakning blir den endå meir stabil. Cetusen har dagsluke foran cockpit. Noko som er fint på tur! Den har godt med dekkstau og strikk, slik at det er rikeleg med stader du kan feste ting på dekk.

Leik- eigenskapar:
Her kjem cetusen litt til kort. Med sin lange lengde og sparsommelege spring, er den ikkje så lett å manøvrere. I møte med bølgjer går den oftast rett i gjennom utan å heve augebryna. Dette er jo kanskje ein fordel når ein vil ha ein stabil og lite "livleg" båt, men oppleves litt kjedeleg når du er ute etter noko meir. Ein positiv ting når det gjeld cetusen, er at den er god å surfe med. Det skuldast nok den flate botnen og den lange lengda. Surfane oppleves i alle fall som bra å kontrollere i denne. Her er ein video som viser dette:


Rulleeigenskapane til cetusen blir eg aldri heilt fornøgd med. Eg opplever at eg må bruke mykje kraft på å kome meg opp. Truleg er det breidda og den flate botnen som gjer dette. Static brace går bra, men er ikkje noko særskilt enkelt i denne. Kantinga ikkje så veldig effektivt i denne. Du må kante skikkeleg for å få god effekt.

NDK Explorer:

Tur- eigenskapane:
Fekk prøve exploreren på ein 30 km lang tur rundt Atløy for nokre veker sidan. Denne kajakken kan ikkje måle seg med cetusen når det gjeld stabilitet. Den har ein mykje meir levande gange. På turen hadde eg litt vekt framme og bak, men likevel syns eg den låg litt "oppå vatnet". Eg trur dette er ein kajakk som bør ha ein del last for at den skal kome heilt til sin rett. Eg opplevde også at den har ein lei tendens til å styre opp mot vinden i sidesjø. (Eit lite forbehald er at monteringa av det nye valleysetet, kan ha påverka eigenskapane til denne kajakken..) Fekk ikkje korrigere dette sidan senkekjølen mangla. På turen gjekk ekspressbåten til Selje forbi. I etterkant hadde eg medsurf på bølgjene etter den eit ganske langt stykke. Då fekk eg erfare ei av dei meir leikne sidene til exploreren. Den surfa villeg vekk på sjølv små dønningar. Her er ein video som viser litt mot- og medsjøpadling med exploreren:


Leik- eigenskapar:
Her meiner eg exploreren har si sterke side. Sjølv om eg meiner den har for stort volum til å kunne yte maksimalt utan last, er dette er artig leikekajakk. Bølgjene merkast betre, både ved mot- og medsjøpadling. Den lever med rørslene i sjøen. Du kan ha det meir moro med exploreren enn cetusen i sjølv små bølgjer.  Den er også god til å ta static brace med:

Rullene går fint. Då eg skulle rulle denne, tenkte eg litt "cetus". Dvs mykje kraft. Det er ikkje nødvendig på exploreren:

Faktisk var eg så oppglødd over rulleeigenskapane, at eg ville prøve handrulla også:


Som ein ser gjekk også den bra, men med litt flaks på slutten.. ;-)
Kanteeigenskapane er omtrent slik som med cetusen. Du må leggje sida skikkeleg ned for å få god effekt.

Konklusjon:

Det store spørsmålet blir: Kva type padlar er du? Er du ein som stort sett padlar tur, og av og til driv med leik i kajakken? Eller er det omvendt?

Viss eg skulle valt ein av desse til ekspedisjon langs norskekysten, ville eg valt cetusen. Den er overlegen når det gjeld å ta seg fram i alle verforhald. den er svært stabil og har god fart. Den er også lettare å pakke i enn exploreren. Den har også noko meir volum.Dagsluka tel også positivt. For mindre personar kan LV- versjonen vere ei løysing.

Viss eg skulle hatt EIN kajakk, hadde eg valt exploreren. Av alle kajakkar eg har prøvd til no, er vel dette den mest allsidige av dei alle. Den kan godt brukast på legre turar. (Det finns mange dømer der exploreren har vore brukt til slikt) Likevel meiner eg at styrken til exploreren er leikeeigenskapane. Etter nokre timar i småbølgjer kjende eg at eg blei svært glad i den. Eg trengde litt tid til å bli kjend med den, men etterkvart vart vi einige om det meste..

Meir informasjon om P&H Cetus finn du HER 
Meir informasjon om NDK Explorer finn du HER

Byggteknisk er stort sett alt betre på P&H- kajakken. Men exploreren er bygd for atomkrig. Noko du også merkar når den skal løftast opp på biltaket..

lørdag 16. oktober 2010

Atløy rundt!

Etter ei tid med mykje "padlearbeid" var det godt å få ta seg ein tur heilt åleine. Eg har sansen for å berre vere meg sjølv ute på ein lengre tur. Fordelen er også at det er mykje lettare å kome tett innpå dyr og fuglar, sidan det vert ein mykje stillare tur. Denne turen var full av slike opplevingar. Det var også ein fin sjanse til å få testa Exploreren.


 Dessutan kan det vere greitt å berre ha seg sjølv å stole på når vurderingar skal takast. Så lenge ein er godt utstyrt, er det lite fare forbunde med dette. Eg hadde med mobil, vhf, ekstra kle, ekstra åre, varm mat og drikke og sekk med vektøy og reparasjonsutstyr. Turen er i underkant av 30 km. Eg brukte fem og ein halv time, men hadde mange pausar undervegs.

Her er eg komen på nordsida med utsyn vestover. Kinn i horisonten. På denne sida av øya var det omtrent flatt hav.



Her er eg ved Kjørrvika. Her er det eitt hus utan veg fram. Oddgeir Bruraset kjem vel snart. ;-)


Her er eg komen så langt vest at eg skimtar Alden. På vestsida av Altøy var det veldig flott. Mange småøyar med gode høve for padlarar å gå i land.


Her var det også mykje havørn. Såg 4-5 i dette området. Her er to av dei:


Bra med liv i sjøen var det også (Desse viser betre om du klikkar på dei.):



Fyret ved Hansholmen der eg tok matpause:



Tomatsuppe og brød vart eit festmåltid for ein småkald kropp:


Litt geologi:  Her var det innslag av mjølkekvarts i bergarten. Dette finn du også att i Brurastakken som eg kom til seinare på turen.


Ein kolloni med sneglehus i nesten perfekt trekant:


Denne øya heiter Tviberg (sjølvforklarande):


Brurastakken på sørvest på Atløy. Eit kjent geologisk område. Vil du lese meir om Brurastakken finn du litt  HER


Utsikt sørover. Alden og Værlandet:


På øyane sør for Brurastakken var det mykje sel. Då eg kom forbi spratt det 7- 8 stk i sjøen. Her er den tøffaste (og mest nyfikne) i gjengen:


Kompisane var her:


Kyrkja på Vilnes. Den er frå 1600- talet. Der har vi gifta oss og døypt to av ungane våre. Ei kyrkje med mykje historie i veggane. Du finn meir informasjon om kyrkja HER


På veg innover mot Sauesundet. Måtte ha ein pause no.. Merka kilometrane i kroppen.


Pause!  Bilete er uklart, men skildrar den formen eg var i på dette tidspunktet så godt, at eg vil bruke det. ;-)


Heime i Askvoll.  


Å padle 30 kilometer på ein dag er i overkant av det eg klarar. Eg er stort sett van med to- timarstur ut for å rulle, herje og plaske. Eg brukte grønlandsåre heile vegen på denne turen. Noko anna er utenkeleg for meg. Å padle så langt med euroåre hadde garantert resultert i senebetennelse.


Kajakken eg brukte var fin å padle.  Spesielt med, og mot bølgjene oppførte den seg eksemplarisk. Noko anna var det då eg skulle padle parallellt med bølgjene. Denne kajakken hadde ikkje senkekjøl ( teke vekk), og det trur eg den MÅ ha.. Den hadde ein lei tendens til å vende opp mot vinden. På heile sørsida  kom det vind ned frå fjella og då måtte eg kante og padle mykje med ventre arm for å hindre at den la baugen mot land. Det er ikkje utenkjeleg at setet eg har montert, kanskje burde vore lengre bak, sidan akter på kajakken vart for "laus". Måten eg pakka på kan også ha noko å seie. Hadde like mykje vekt framme som bak.

Har lengje tenkt på å padle rundt Atløy. Det er ein slik "må- gjere" ting.. Dessverre vart eg slått av to damer. Eg fann også mange matdeponi og hundelik etter deira ekspedisjon rundt øya.

Men dei padla ikkje heile turen på ein dag.. ;-)

Denne turen kan lese meir om i Lene sin blogg, som du finn HER



torsdag 14. oktober 2010

Seteskift på NDK Explorer

Njord AS hadde ein NDK Explorer som trengde eit nytt sete. Det gamle setet var lausna i festa på eine sida og allereie reparert fleire gonger på kvar side. Men dette viste seg å ikkje halde så godt. Eit nytt valleysete måtte til. Eg skulle få låne kajakken ein periode mot å gjere arbeidet. Ein god avtale for meg!  :-)
Sidan valleysetet  har skruehol oppå, måtte det borast i Exploreren.

1:

Før det gamle originale sete var fjerna, merka eg av framkant og bakkant i botnen på kajakken. Det nye måtte vere mest mogleg lik i plassering. Om dette vert endra, vert eigenskapane til kajakken endra også.. Det nye setet er lengre (har meir støtte til låra), slik at det er bakkanten som er viktigast å følgje.



2:

Eg sikta ovanfrå og prøvde å få bakkant mest mogleg likt som det gamle setet.


3:

Så teikna eg rundt eine skruen med tusj der det måtte borast. Valleysetet har fem ulike innstillingar i lengderetning, slik at det er mogleg å regulere litt etterkvart.


4:

For å sikre at setet ikkje ville bli montert skeivt, brukte eg tau frå bærehandtaket bak for å måle kor skruehola skulle vere på den andre sida av cockpit..


5:

For at det nye sete skulle få plass måtte restane etter det gamle vekk.



6:

Då måtte eg bruke vinkelslipar. Det vart eindel støv (type farleg) under denne prosessen, så her er maske og briller smart..


7:

Så var det berre å bore. Tynt bor først.



8:

På med plata med feste til skruene under. Desse har to skruefester, men erfaring med Cetusen (skifta sete på den tidlegare) har vist at ein skrue på kvar side er nok.




9:

På med polstringane på sidene.


10:

Ferdig resultat. Explorer med valleysete.




Og i morgon er det prøvetur..