mandag 27. september 2010

Grunnkurs elv i Stardalen!

Helga 25. og 26. september var eg med på grunnkurs elv i Stardalen. Elva var ein grågrønfarga breelv, og var difor ganske kald. Før vi starta padlinga, fordelte vi elvekajakkane.
Stardalselva var ein flott stad for grunnkurs. Litt av kvart å øve seg på. Alt frå sakterennande djup elv, til grunn, rasktrennande med små stryk. I følgje Torbjørn var denne elva frå grad 1 til 2.

Her er vi klare til å gå utpå. Torbjørn Nordeide (instruktør) forklarar litt:

Andre´ mot straumen. Han hadde nok den mest krevjande kajakken, og var vel den som måtte symje mest:

Det var fem deltakarar på dette kurset. Tre frå vår klubb, Askvoll padleklubb og to andre. Dei var dykkarar begge to og godt van med vatn. Under kurset øvde vi på traversering (forflytning frå ei side til andre), kanting, svømming (mykje svømming..) og tauing.

Kristofer jobbar på:

Her er vi komen nedover mot Våtedalen. Her var det ganske rolege forhold:

Torbjørn inn i straumen. Artig å sjå på ein padlar med stor kontroll i slike forhold!

Nokre stader var det svært grunnt og mykje straum, så det vart ein del velt. Rulla sat nokre gongar, men vart litt "nedpsyka" av steinane som dunka mot hjelmen. Difor vart det ein del "wet- exit".

Her er eit bilete av Oddvinn og kajakken. Kvar for seg ;-)


Her eit bilete av meg i Creek- kajakken:

Det var eit svært lærerikt kurs og kjempehyggjelege folk! Overføringsverdien til havpadling (og spesielt brottpadling) som eg driv med til vanleg, er stor; Manøvrering og kontroll på vatn i rørsle.

Fleire bilete og tre videoar frå kurset ligg HER

Dei beste bileta og meir utfyllande tekst, sparar eg til ein artikkel som kanskje kjem i bladet; Padling.. ("Blod-på-tann- syndromet")

fredag 24. september 2010

Klubbtur med ny kajakk!

Torsdag 23. september var Lene, Oddvinn, Oskar og eg ein liten tur utpå. Eg fekk prøvd den nye kajakken eg har kjøpt. ein Tahe Marine Greenland T (aramidforsterka): Slik ser den ut:

Veldig nøgd med kajakken. Knallbra til ruller og andre triks. Eg blir overraska kvar gong eg prøvar ein Greenland over kor rask den er. Med grønlandsåre og rett teknikk kan ein kome opp i ganske bra tempo.
Det var litt vind og sidan Oskar (9 år) var med, vart det ikkje noko lang tur. Berre krysning av bukta og tilbake. Etter turen vart det tid til litt trening på static brace, rullar og anna.


Lene fekk vise at ho ikkje har langt att til rulla. Her i fin static brace:

Oddvinn rullar:

Du finn ein video med handrulla i greenlanden her

Her er ein video av ein "butterflyrulle".

Med litt kald nordavind, vart det ein kort tur på sjøen i går, men eg fekk prøve kajakken så mykje at eg har begynt å glede meg til vinteren med mykje rulletrening. Men først er det grunnkurs elv i helga..

onsdag 8. september 2010

Artikkel i Padling

I septemberutgåva av bladet Padling, vart artikkelen vår frå Åreleiken teken med. Oskar vart stolt som ein hane då han kom att frå skulen og såg bladet. Inni bladet var det 4 sidar med tekst og bilete frå turen. Presentert på ein flott måte.

 Her er bilete som vart brukt på dei to første sidene inni bladet:

tirsdag 24. august 2010

Ny padletur til Herdla

Fredag 23. august var eg på ein padletur til Herdla igjen. Og denne gongen med ein fantastisk solnedgong! Veldig fasinerande å sjå korleis lyset og fargane forandra seg utover kvelden.



Og ordtaket; "Aftenrød gir morgen blød" stemte. Neste dag var det nedbør..

Plogar med grågjess som rastar på Herdla, på veg sørover. Sommaren er nok ugjenkalleleg slutt.

Området rundt Herdla er ein flott stad for padling. Det er gode høve til å leike seg i dønningane som kjem rett frå havet.

Og rolegare sund og vikar.

Etter at sola gjekk ned i havet, vart det ei studie i pastellfargar:



Meir info om Herdla finn du her.

fredag 20. august 2010

Tur rundt Herdla

Torsdag 19. august vart det ein tur rundt Herdla. Eg brukte knappe to timar på turen som inneheldt alt frå kraftig medsurfpadling og kosepadling.

I land på nordsida av øya, der det er rullesteinsstrender:

Herdla var ein viktig base for tyskarane under krigen. Mange bunkersar og anna ligg att etter dei. Det var også ein flyplass for dei tyske krigsflya.


I dag er Herdla eit naturreservat med variert og enormt fugleliv.


Det var ein flott kveld for padling. Og ein fin bursdagsgåve til meg sjølv.

fredag 13. august 2010

Tur og kamera(t)redning med Oskar

Torsdag 12. august var Oskar og eg på ein padletur.

Etter å ha varma opp litt, øvde vi på kameratredning. Han var ikkje så villeg til å gå ut i vatnet, men etter eit (mildt) press gav han etter.

Med våtdrakt og med den temperaturen som er no, gjekk det greitt å liggje i sjøen litt.
Han fekk også prøve cowboyredning. Dette viste seg å vere litt vanskeleg med den kajakken han hadde (Current Design Raven). Ryggstøtta er så høg, at den skapar problemar både ved cowboy- og kameratrening. Vi må nok sage litt..

Eg prøvde også nokre mislukka handruller i Greenlanden, som vart filma av Oskar. Og ved eine høve gjekk han rundt. Kameraet var heldigvis festa rundt handa, så det gjekk bra med det også. ;-) Elles har vi øvd ein del på å tippe rundt, så det er ikkje noko dramatikk i dette for han.

Eit litt stivt smil etter eit par gongar i vatnet.

Vi fekk også tid til "salte- sitronfox". Dvs fox- karamellar som låg i vesten då eg rulla..Ein delikatesse!

Elles merkar eg at Oskar som no har blitt 9 år, har blitt for stor for Raven- kajakken. Så no vert det nok greenlanden eller Avoceten framover for han.

mandag 9. august 2010

Ruller med Tahe Greenland

Søndag 8. august vart det litt tid til rulletrening på familiedagen i Holmedal.

Du finn videoane av rullene HER