fredag 24. februar 2017

Liten padletur med varierande ver


Ein liten tur utpå i dag. Sidan kajakken hadde vore på taket på bilen i natt i snøveret, fekk den eit nytt utsjånad. Kvit, med raud stripe.



I starten var det sol og fint. Nybakte skulebollar frå Askvoll sjømat og delikatesse var kjøpt inn. Kaffi på termos var teke med.



Utpå vika venta Jørn Magne som skulle vere med på tur i dag.




Fin vinterdag med sol som varma...


Slik at snøen på dekk tina...




Frå nordvest tjukna det etterkvart til..



Steinkobbe.


Så kom det ein skikkeleg snøbyge innover, og vi fann ut at vi ikkje villle padle så langt ut som vi først hadde tenkt.. Vi skalka lukene og padla i lag inn ved land.






Etterkvart vart det også ein del vind, og kombinert med snø og låg temperatur fann vi ut at vi padla inn att. (Vi har begynt å bli gamle pingler som må tenkje på helsa vår......)



Bollane og kaffien vart innteke i eit varmt hus med utsikt over sjøen. (Det er lov å hetse i kommentarfeltet, ja..... )


Ein kort tur er uansett betre enn ingen tur.

lørdag 4. februar 2017

Til Sandvika

I dag vart det ein padle/ dykketur til Sandvika. Fint vårver med 10 grader og litt vind. Fantastisk med slikt ver i starten av februar.


Eg padla med den 7 mm tjukke våtdrakta. Det gjekk ganske greitt med tanke på bevegelighet, men det var veldig varmt..

Målet i dag var Sandvika. Og her er det som namnet tilseier, mykje sand. Tenkte eg skulle prøve å sjå om eg fann kamskjell i dag, men dei er kanskje djupare enn der eg var i dag. Eg såg i alle fall ingen..



Og Frivannsliv, har forstått eitt eller anna om reklamens makt... :-)




Dette likna veldig på lav, men sidan det er under vatnet, kan det ikkje vere det..Utruleg mykje ein ikkje veit om plante- og dyrelivet i sjøen..



 Fjøremakk






Diverse sneglar..


















Litt tareskog var det her også..













Og i serien: "Kva gløymte du i dag å ta med, då?", var turen komen til hanskane. Så det var litt kaldt på hendene ja.....




Fine fargar



Ein slags anemone?




Når dei vart skremte, såg dei slik ut:






Området eg dykka i, idag (med saltvatnet på linsa)


Veldig fin tur i dag og, sjølv om det gjenstår å sjå fiskestimar... Men dei er vel på djupare vatnet, no på vinteren.