tirsdag 25. oktober 2016

Litt kort hausttur

I dag vart det ein liten tur utpå for å teste North Shore Atlantic LV. Eg har jo testa storebroren før, i bladet Padling. Denne LV- versjonen (485 cm/55 cm/24.5 kg) er jo 30 cm kortare enn standarden (515 cm/ 55 cm/ 26 kg).

Dette hadde jo ein del å seie for kor livleg den kjendes. Og når den i tillegg mangla senkekjøl, var det mykje styretak heile tida. Det var ein del bølgjer i dag, og då dansa den fram og tilbake i bølgjene. Dette er nok ein båt som treng senkekjøl i litt bølgjer for å få stabil retning. Slik er det jo ikkje med den eg padlar til vanleg (NDK Explorer), som berre unntaksvis treng senkekjølen nede.

Elles ein artig båt, som var stor nok for meg. (85 kg/ 186 cm) Gode lårstøtter og godt sete er det også i denne. Og med lite bølgjer, er den jo sikkert leiken og lettmanøvrerbar til småpadling/ kursbruk. Eg ville nok kvidd meg for å leggje ut på langtur i denne. Men med senkekjøl hadde den i alle fall blitt betre...


Siste dag med bra ver. No er det meldt nokre dagar med ruskever.


Sidan vinden auka å og mørket kom fort, tok eg ein "Bieber" og feiga ut midtvegs. Det er ingen skam å snu.. Med ukjent kajakk og aukande vind, fann eg ut at ein foto- og padletur langs land tilbake, var like lurt..

Liten beinstrekk i Sandvika..



 Sjøstjerne på strand, type død..:



Stilstudium av strå, hav og himmel.










Og ja.... det vert fort mørkt no for tida...