mandag 28. september 2015

Bulandet

Under Stormsamlinga 2015, var Jørn Magne  og eg ein tur til Sandøyna i Bulandet.


Veret var variert, men stort sett fint.




Vi fann ut at den neste hobbyen må bli dykking, og då er Bulandet eit svært aktuelt område.




 Sandøy





Utsikt frå fyret på Sandøy



Desse hadde vore ut i bølgjene



Det går og an å fiske..



Går det an å padle gjennom her?



Ja, det gjekk akkurat! ;-)



Mykje rart i sjøen. Til dømes denne opp- ned brennmaneten



og denne... Den tok vi med tilbake til huset, og åt.



Regn og sol gir..



...regnboge



Denne videoen handlar om stormrulling under regnbogen..





 På vegen heimover vart det litt rulling og bading.

-----

Søndagen vart det ikkje noko padling på oss. Vi i styret hadde eit møte om framtida for stormsamlinga og klubben vår. Slik det er no når ingen vil ta kurs, er det lite pengar å tene på denne samlinga.Vi diskuterte også kva vi skal gjere med det falleferdige klubbhuset vi har. Men lite inntekt i klubben for tida, og tre eldsjeler held på å miste motivasjonen, er det ikkje lett.. Og  når kommersielle aktørar i tillegg konkurrerar med betre vilkår enn det vi har, er det ikkje så enkelt å få ein så liten padleklubb som Askvoll padleklubb til å gå rundt..  Eit lite hjartesukk, der altså...

------


På veg heimover med feja; Alden

Takk til de som kom på årets samling! Håpar de hadde fine dagar ute i verdas finaste stad!



torsdag 17. september 2015

Finfin ettermiddagstur!

Endeleg på tur igjen!


Det var så flott i ettermiddag, at eg berre måtte ut å padle.



Mykje skarv å sjå i dag.



Atløy og ferja frå Værlandet.




Stille og roleg..



Innover Dalsfjorden.






Rundt Flatøyna







Ekspressbåten på veg mot Bergen.




Gjennom Sauesundet.



Denne har nok sett sine beste dagar.



Heim att mot Askvoll. Litt meir vind no..

Super tur i dag også!