søndag 29. desember 2013

Desember- tur

I dag var det noko så sjeldan som solgløtt her hos oss. Måtte berre ein tur utpå å nyte aukneblinken..


Turen i dag starta med ganske rolege forhold.


Innimellom heilt roleg...








Var ein liten tur på land på Flatøyna for å strekke beina.


Tørre strå kan jo vere fint..


På leit?




Inn att mot Øyra, gjekk det fort. Vinden hadde auka på til kuling. Moro!


På slutten av turen vart det ganske grått og ufyseleg. (Omtrent slik som vi har hatt det i heile desember)


Likevel ein kjekk og frisk tur. Då eg kom heim såg eg på facebook, at det hadde vore 4- 5 spekkhoggarar ved gamlekaia i Askvoll medan eg var ute. 

(Foto: Tore Dalland)


Og det verste av alt var at desse leika seg ca 100 meter rett nedanfor huset vårt. Snakk om å "gå over bekken etter spekkhoggarar" 

Kanskje neste gong?

torsdag 26. desember 2013

Padling i kuling og storm

I dag vart det ein tur med exploreren og euroåra. Grønlandsåra mi er til behandling. Den skal få forsterka tuppar.. Ganske bra med vind i dag. Det veksla mellom sterk kuling og full storm. Eg kunne ikkje gå langt i frå kajakken i dag, for då tok vinden tak i den..


Det var tryggast å leggje den slik, viss eg skulle gå langt vekk:


Det vart litt padling mot og med bølgjene..



Noko småsurfar vart det innatt, men vanskeleg å "fange" slike korte vindbølgjer.. Måtte sjekke om eg fekk til stormrulle med euroåra og denne kajakken.



Det gjekk greitt. Fekk det til fleire gonger. MOT bølgjene, vel og merke.. Prøvde også reverse- sweep, men det gjekk ikkje så bra med dette utstyret..



Ein vindfull, men lærerik økt vart det i dag. Mykje støttetak, hoftevrikk og ruller! FRISKT!


søndag 22. desember 2013

Endeleg!

Etter ein travel førjulstid var det flott å kome seg ut på sjøen att! Og med ny Brooks Tuilik frå Kajakkspesialisten A/S, og med "nyekajakken" frå Zegul, vart det ein del rulling.




Ein ting eg merka meg med skifte frå Greenland T til Greenland LC, er at det vart mykje tørrare inni cockpiten etter rullene. LC- utgåva har jo ein mykje rundare form heile vegen rundt, og slepp difor inn mykje mindre vatn. Brooks Tuilik og Zegul Greenland LC er svært god kombinasjon!


Ein anna forskjell eg merkar meg, er at det er ganske mykje meir bal å kome seg oppi denne kajakken. På touringen kunne eg berre hive meg utpå med kajakkan mellom beina, og så stikke beina oppi etterpå. På LC-utgåva er ikkje dette mogleg. Då må kajakken liggje halvveges ut i vatnet, så må eg plassere rumpa på bakdekket og skli inn med begge føtene samtidig. Difor er det kanskje aktuelt med kjølstripe på denne etterkvart? Det vert jo ein del føling i fjæra...




Var litt spent på om stormrullene sat.. Det gjorde dei, sjølv om venstresida var litt rusten.


Så overraska eg meg sjølv. Tenkte eg skulle prøve reverse- sweep for moro skuld.


Sjølv om den ikkje er perfekt, er eg på veg til noko. Prøvde ein gong til med godt resultat. Denne skal øvast meir på framover!

Så vil eg til slutt ynskje alle lesarane mine, ei fantastisk flott julefeiring!