fredag 28. juni 2013

Familietur!

Med dei to minste jentene hos besteforeldre/ barnehage, kunne mor, far og dei to eldste få seg ein padletur. Vi reiste til Holmedal med kajakkane på hengaren, og padla til Vårdalsflua.

Før vi reiste måtte våtdraktene på. Hardt arbeid..


Snart klar til padlings:


Mykje klegg i dag. Her er ein som er forstørra med "super- mega- ultra- hyper- zoom":


Stille på veg ut til Vårdal:


Ikkje berre vi som var ute på tur med ungane i dag:


Verket pub. Heldigvis stengd..


Min bedre halvdel:




Den andre halvdelen skal trene rulle..








Anna and:


På veg heim att blas det opp, og nokon fekk problem med styringa. Då vart det sleping eit lite stykke:



søndag 23. juni 2013

Grunnkurs UNG 2013

I helga har eg vore instruktør for seks deltakarar på Grunnkurs Ung. Veldig kjekke dagar med mykje moro og god læring. Takk til assistentane Sindre og Isak, som ville vere med å hjelpe til desse dagane!

Klar for andejakt..


Alle bileta frå helga, finn du HER.

mandag 17. juni 2013

torsdag 13. juni 2013

"Moving brace"


Dette er eigentleg static brace, men på grunn av vinden, så flyt ein bortover overflata. Sidan vinden hjelper til med å prøve å halde kajakken på rett kjøl (vinden tek jo berre tak i den sida av kajakken som ligg over vasslinja), er denne varianten enklare enn vanleg static brace.  Det bør vere ein del vind, men ikkje så høge bølgjer for å få til ein heil avslappa "moving brace". Ved bølgjer vil du få vatn over ansiktet. Uansett greitt med ein skikkeleg vasstett hette eller aller helst tuilik.

Under denne øvinga er det viktig å:


  • Ligge mot vinden ;-)
  • Sitje godt fast i kajakken. Gjerne med fotkvilarane lengre bak enn du brukar å ha dei
  • Bananforma kropp. Ryggen skal danne ein boge. (Magen opp..) 
  • Du må trykke godt på den øvste fotkvilaren for å prøve å halde kajakken på rett kjøl
  • Begge skuldrene skal ligge vassrett i overflata. Overkroppen skal flyte 
  • Åre- armen skal ein strekke ein ut på skrå, og er med på å halde oppe flyteevna 
  • Den andre armen skal halde under kajakken bak
Slik:


Video frå i går:




Det er verkeleg avslappande å liggje slik, og lett for å somne.. Men du vaknar nok etter ei stund..

Eit lite problem med å liggje slik, kan vere båtar/ bilar som sakkar farten og tenkjer sitt... 

tirsdag 11. juni 2013

Rulletur

I dag fekk eg høve til å ta ein liten tur til Flatøyna og tilbake med TM Greenland, tuilik og longjohn. No er det begynt å bli så fin temperatur i sjøen at slike plagg er ok.


Ein liten rast på Flatøyna, som eigentleg er ulovleg (fuglereservat)....


..... men som er lov å gå i land på når t- skjorta gneg under armane. (står på forbudsskilta nedst med lita dårleg lesbar skrift..)


No trengte ikkje fuglane frykte meg, men eit ramnepar hadde sett seg ut nokre fine egg eller fugleungar til middag. Naturen er brutal, men "fiffig". Den eine ramnen "lata" som den skulle angripe, men trekte seg vekk frå reiret med begge foreldra etter seg. Så kom nummer to med fritt tilgjenge til egg/ ungar. Sleipe, men smarte ramnar..


Brooks- tuiliken. Litt dyr, men absolutt verd pengane!


Det vart naturleg nok ein del rulling i dag, og no er temperaturen så bra at det går an å halde på ei stund. Prøvde på ein del "avanserte rullar" med vekslande hell.. Så eg gjekk over til dei meir tradisjonelle. Trur eg må øve meir på desse før eg kan prøve meg på dei andre etterkvart. Det grunnleggjande må jo sitje godt! :-)


mandag 10. juni 2013

Vindsurfetur til Eimind


Søndag kveld vart det ein tur til Eimind. Det var liten kuling og bra med bølgjer.

-

Vest i havet var det også fin solnedgang



Litt padling mot Staveneset i vind og litt bølgjer:




Inn att vart det litt surfing. Sjølv om ikkje bølgjene var så svære, var det ein skikkelig dytt i denne:



Kveldshimmelen i Stavfjorden er vakker..






Til slutt forklaringa på kvifor melka på Vestlandet smakar salt..