søndag 21. april 2013

Padlekurs?

Er du  nysgjerrig på padling og vil lære deg dei grunnleggjande tinga, eller har padla ei tid og har lyst til å lære meir?  I sommar kjem eg til å halde NPF- kurs her i Askvoll, alt etter kor mykje interesse det er. Det som er bestemt pr i dag, er at det vert eit grunnkurs den 13. og 14 juli. Eg kan halde kurs i juni og første halvdel av juli i sommar.

Eg kan også tilby introkurs og teknikkurs. Kursoversikt for sommaren 2013 (med prisar) vert oppdatert utover våren; HER.


Eg er utdanna NPF Turleiar og du får utdelt våttkort etter fullført introkurs eller grunnkurs. 

Send ein epost til odinhest(alfakrøll)hotmail.com om du er interessert, så set eg opp kurs etter kor mange som melder seg.

onsdag 10. april 2013

Tur til Raudøyna

I kveld vart det ein tur nordvestover mot Raudøyna ved Høyvik. Ut i frå bileta går det kanskje an å forstå at øya heiter det den gjer? Flott solnedgang vart det i alle fall!

Her på veg gjennom Granesundet:














Akkurat i det den forsvann, vart himmelen i brann:


Ein oter ville også få med seg dette..


Der vart sola vekke..


Inn att vart det ganske mørkt. Det gjekk likevel greitt å krysse leia, når lyset på vesten vart tend.


Fin avslutning på dagen!

lørdag 6. april 2013

Test av fotbrett

I dag skulle eg teste fotbrettet eg hadde montert tidlegare i veka.

Til turpadling, syns eg det vart betre. Sjølv om beina somna litt etterkvart i dag også, gjekk det lengre tid før det skjedde. Det var også litt romslegare nedi der, slik at det var lettare å røre på beina.

Etter ein knapp times padling, måttte beina likevel opp.


Litt grått og surt  i dag, med litt snøbyger:


Kanskje den vakraste kajakken som finnes?


Litt småsurfing innatt: Skal få prøvd den i større bølgjer ein gong..


Måtte også teste korleis kajakken var å rulle med fotbrettet. Eg oppdaga at løysinga mi (sjå forrige innlegg) vart litt for fleksibel. Ved det siste sparket gav plata litt etter. Eg trur dette kan forbetrast ved å skifte ut trekantklossane inst, med eit anna hardare materiale. Sidan det også var litt romsleg inni, sat ein ikkje så låst, som ein gjorde med fotstøttene.  


Prøvde på handrulle også, men då merka eg at plata gav altfor mykje etter. (pluss at eg er rusten i teknikken...)





Ved turpadling likar eg best å sitje litt laust, men ved ruller, er det best å sitje trangt. Eit dilemma når ein har fotbrett. Det går kanskje an å legge på ein eigen "rulleplate" ved rulletrening, for å sitje fast nok? Eller ha begge deler?  Brett og pedaler?

onsdag 3. april 2013

Fotbrett til TM Greenland Touring

Har tenkt ei stund på å byte ut fotpedalane på Greenlanden med fotbrett. Sjølv om eg har hatt pedalane i fremste stilling, har det vorte for trangt for beina. Eg får heller ikkje den rette fotvinkelen med dei pedalane som er monterte originalt. Resultatet vert bein som somnar etter ei stund.


Det er ikkje gjennomgåande skruer på denne modellen, så det var nok å skru av fotskinnane frå innsida.




Etterpå skrudde eg på att muttrane, for å unngå at boltane gjer skade på tørrdrakta.




Eg fann nokre trekanta skumplast- klossar som hadde omtrent den vinkelen eg villle ha på fotblada. Så målte eg lengste breidde og lengde fotbrettet måtte ha.




Eg ville først lage ein mal av isopor. Det er dyrt å prøve å feile for mykje med minicell..

Som ein ser av biletet, er isoporplata omtrent like tjukk som minicellplata.


Eg laga ein mal etter måla eg hadde teke, og augemålet mitt. Prøvde å ikkje lage platen for liten i første omgang, men heller skjære av etterkvart. Det vart etter "prøve å feile- metoden". Ikkje så farleg når det er isopor..






 No vart det litt for romsleg, så eg måtte skifte ut trekantklossene med nokre som var litt større.


Eg limte desse to saman med Tech 7.


For at denne klossen ikkje skulle vandre for mykje frå side til side, sette eg også inn skumklosser på sidene.


Då eg var fornøgd med passforma på plata og då eg kjende eg sat godt, skar eg ut plata i minicell.



Etter litt småjusteringar, passa den ganske greitt inni kajakken.


Eg syns at fotfestet no var litt for fleksibelt (kanskje spesielt ved trakk ved rulling?), så eg ville avslutte med ei hardare plate. Då brukte eg King Starboard.. Denne plastplata er ganske dyr, men eg hadde ein rest liggande. Denne kan sagast med vanleg handsag og er difor lett å jobbe med.


Så måtte eg prøve og feile meir. Eg brukte saga, slik at den passa ganske bra. Sidan TM Greenland er ein "sart blome" er det viktig at denne plastplata ikkje er for stor. Då kan du presse ut skroget ved eit skikkeleg fottrykk.


Eg limte plastplata fast til minicellen med Tech 7.


Her er det ferdige resultatet. Det var ikkje noko mål å få det heilt tett rundt. Uansett er det vanskeleg å unngå at vatn kjem inn, og då er det like greitt at det er god drenering rundt.


Viss eg ville hatt det heilt tett, kunne eg ha brukt tetninsstoff på sidene. Men det er uansett for tidleg å montere noko permanent. No skal eg ut å prøve den ved rulling. Då er det lett å få ut att plata, og justere tjukkelesen på klossene inst. Når eg endeleg finn den rette innstillinga, kan eg eventuelt feste alt med nokre punkt med kvit Tech 7.

  • Problem som kan oppstå er at klossene inst vil gå i oppløysing. Då kan eg kanskje erstatte dei med minicell. Men dette gjer eg ikkje før eg veit sikkert kor store dei skal vere. 
  • Kanskje blir plastplata for glatt? Eit par stripar med Tech 7 vil kanskje gjere nytten? (som har utruleg god heft. Har hatt slikt på fingane i vekevis..) 
  • Moglegheiten for å strekke ut beina forsvinn med plateløysinga. Men det har vore så trangt inni der, at noko beinstrekk nesten har vore umogleg uansett.

mandag 1. april 2013

Apriltur

Det vart ein liten ettermiddagstur i dag. Føremiddagen var flott med sol og vindstille. Då eg reiste ut skifta det til overskya og ein sur vind. Likevel ein fin tur

.








På land på Flatøyna. Fortsatt lovleg fram til 15. april..


For meg ein ukjend type andeart..