tirsdag 26. februar 2013

Fin ettermiddagstur!

I ettermiddag var det berre SÅ flott på sjøen, at eg måtte ein tur utpå.


Denne båten hadde satt seg fast mellom desse skjæra, så eg måtte gje den eit puff med kajakken...
..slik at den kom seg vidare! .-)

Vakkert utpå i kveld!


Oteren hadde skaffa seg kveldsmat. Så kom eg og øydela alt.. Har dårleg samvit for dette..



Her vart eg oppdaga. Då var baugen kanskje 1,5 meter unna den.


Godt for sjela..


..og kroppen..




lørdag 23. februar 2013

Vinterferietur!

Siste helga i vinterferien og endeleg padling! Over ein månad sidan sist gong..I dag vart Tron Ivar med også. Eg prøvde den nye kajakken; TM Greenland T.


Greenlanden innfridde forventningane. Super kajakk, men beina sovna jammen i denne også...




Ørn på flukt over Flatøyna. Vi såg også at tjelden var komen!


Litt balansetrening vart det også:




Krystallklart i sjøen på denne tida på året.






Skarv til tørk:


Sola varma også bra i dag. Våren er like rundt hjørnet!


Så måtte eg jo teste om kajakken kunne rulle. det kunne den. Kaldt i sjøen idag..


onsdag 13. februar 2013

Ny kajakk!

Då var nyekajakken komen på plass! Ein Tahe Marine Greenland T. Eg hadde jo ein slik før i aramid- konstruksjon, men selde den. Det angra eg på, og har difor skaffa min eigen. No slepp eg å legge beslag på klubben sin.. :-)


No skulle jo eigentleg desse bileta vore av kajakken i eller ved sjøen, men det har vore så travelt i det siste, at det får berre vente..


Kajakken er kjøpt brukt frå Harstad, og er svært godt teke vare på!