mandag 31. oktober 2011

Grønlandsåre eller euroåre?

Etter å ha hatt eit sjølvpålagd forbod mot å bruke grønlandsåre i eit halvt år, er eg no klar for å plukke den opp att. På vidaregåande kurset i år har eg brukt euroåra heile tida. Eg ville trene meg opp på euroåra mest mogleg under gjennomføringa av kurset. Grunnen til at grønlandsåra ikkje var eit alternativ på VGK, er at når eg skal halde teknikkurs framover, vil det vere med euroåra. Ein del øvingar er vanskelegare å få til med grønlandsåre, og kan vere vanskelegare  for deltakarane å oppfatte, dersom teknikkane vert demonstrert med grønlandsåre.

Eg vil under prøve å få fram mitt syn på desse to alternativa:

Grønlandsåre:




Turåra framfor nokon. Med smalare blad og bruk av høgare frekvens, kjem ein seg like fort fram med grønlandsåre. Sidan motstanden i vatnet er mindre med grønlandsåre, kan eg padle lengre utan å bli trøytt. Ein annan ting som er fint med åra, er at ein kan variere kantinga (vinkelen årebladet har mott vassflata), slik at det fungerar som ein gir. Om ein har 45 grader, får ein betre tak, og meir framdrift. På denne måten kan ein få ein svært god fart med grønlandsåre også. Grønlandsåra har også mindre vindfang. I mitt padleområdet, er dette ein viktig ting å ta med.

Ved rulling er det vanleg å skifte grep på grønlandsåra. Ved å halde lengre ut mot bladet får ein eit betre moment når ein skal rulle opp. Grønlandsåra er også flott til sculling, både i vassoverflata og ved rulle. ("sculle- rulle"). Ved "static brace" (ligge i ro med ryggen mot vassoverflata), kan grønlandsåra ha den fordelen at den har oppdrift. Denne lille oppdrifta kan hjelpe deg lettare til å meistre denne øvinga.

Andre gode ting med denne åra, er at den er varmare å halde i, har ein liten svikt i materiale, og at skaftet har eit godt ovalt grep. Åra som eg brukar er laga av Thygesen, og vart kjøpt her. Det er ein klassisk grønlandsåre på 220 cm.

Euroåre:




Det finns eit utal ulike modellar av euroårar. Form og storleik på blada varierar mykje. Etter å ha padle Werner Shuna i nokre år, heldt eg på å avskrive euroårene for godt. Shunaen har store, flate blad. Og sidan åra også er pinnstiv, syns eg denne var ubehageleg å padle med. Eg syns ikkje åra "tok tak i" vatnet når eg padla. Den skubba mykje vatn ut på sidene, utan at framdrifta var tilfredsstillande. Til brottpadling fungerte Shunaen godt. Vindfanget til Shunaen, er også stort. Merbart i sterk vind!

No padlar eg Lendal Kinetic S. Ein todelt åre med plastblad.  Denne modellen har mindre blad og har ein krummare form på blada. Den tek godt tak i vatnet ved framdriftstak, og har små blad som med forholdsvis lite vindfang. Den har også meir svikt i materiale, noko som eg meiner er viktig for meg. Denne åra er god til turpadling, men kan ikkje måle seg med grønlandsåra til rein turpadling.

Rulling er ingen problem med euroårene. Sidan eg har rulla mykje med begge åretypane, har eg merka meg ein forskjell i måten å rulle på. Ved bruk av grønlandsåre, "skrur"  ein seg opp. Du vippar kroppen opp, medan du held åra i vassoverflata. Ein liten sveip kan også vere bra.. Rørslene på kroppen er det som gjer at du kjem deg opp. Lite bruk av arm og kne. Medan ved rulle med euroåre, legg ein åra i utgangsposisjon i vassoverflata, og "rykkar deg opp" med mykje bruk av kne, hofte og arm. Det finns jo mange måtar å rulle på, med begge årene, men dette er mine måtar. Mine bruksrullar! ;-) Desse tyr eg til når eg opp, raskt.

Ved teknikkøvingar har euroen sine fordelar framfor grønlandsåra. Baugtak, hengetak og styretaka er lettare å få til med euroen. Skal du padle langs land og følgje landet, er det enklare med euroen. Det kan godt vere at hardcore- grønlandsentusiastar klarar dette på eit vis også, men der er ikkje eg enno. Til brottpadling/ bølgjepadling føretrekk eg også euroåra. Den gir ein meir spontan støtte ved at den har større flatar. Det er også meir bruk av dei litt meir avanserte teknikkane i stor sjø. Og her meiner eg jo at euroen har sitt fortrinn.

Konklusjon:

I ein debatt om problemstillinga på padleforumet, kjem det fram steile frontar i denne saka.. Eg meiner at begge årene har sine fortrinn, men til ulike ting,  Viss det er snakk om leikepadling på Bulandet vil eg føretrekke euro. På Stokkøya, der klassisk grønlandspadling står i fokus, er det grønlandsåre som er tingen. Og begge deler, er padling. Begge deler er moro. Begge deler er lærerikt! Skal ein utvikle seg som menneske, er det viktig å vere mest mogleg open for nye ting. Og steile haldningar, i den eine eller andre retninga, vil stengje for moglegheiten til å oppleve nye ting.

Eg er framleis i læringsfasen når det gjeld padling. Og om eitt år, kan det hende at eg har forandra mine meiningar. Men eg vil ikkje stengje dørar. Både brottpadling og klassiske grønlandsteknikkar har gitt meg mykje!

mandag 24. oktober 2011

Frå fire til to stjerner

I føremiddag vart det ein tur på Olivia og meg. Etter å ha padla i firestjerners forhold forrige helg på Sotra, var det padling i tostjerners forhold i dag. Ei stjerne på sjøen, og ei stjerne framme i kajakken! :-)

Olivia klar for tur!

Det var aller første padletur for minstejenta i dag. Vi droppa åra, og erstatta den med ei pinne. Mindre kluss og meir moro med pinne!


Skyfri himmel. Lenge sidan sist!
Det vart ikkje noko lang tur, men ein liten time vart det. Vi såg mykje fugl, og eg prøvde å lære henne namna på dei vi såg. Litt vind i dag, men mildt og fint ute på sjøen.


Og ho likte turen kjempegodt!

tirsdag 18. oktober 2011

Glesvær

I helga var det del to av vidaregåande kurs hav. Vi var 9 deltakarar som fekk prøve oss i minst 4 stjerners forhold, og i bølgjer på opp mot 6 meter.. Bilete under var resultatet av ein "fråland- øving", som enda med at kajakken hang på ein rur- kant: (Siste bilete i lenka under)


Litt å gjere på utover vinteren, altså.

Eg kom att frå Sotra litt betre kjend med meg sjølv (på godt og vondt), klokare og meir audmjuk. Takk til dei andre deltakarane for ein lærerik og flott helg, og til veiledarane våre; Lidun og Trond.

Eg hadde ikkje med fotoapparatet denne gongen, men du kan finne bilete frå helga på Kjell sin blogg.

Mildrid si flotte og ærlege skildring av helga finn du her.

Veiledar Trond Glesaaen sin video frå bølgjene finn du her.

mandag 3. oktober 2011

Stormsamlinga 2011

I helga var det klart for nok ei Stormsamling på Bulandet. Askvoll padleklubb stod som arrangør, i lag med Njord og God Tur i Bergen. Dagen på laurdag starta med dette veret, men enda opp med gråver og kuling seinare på dagen.


Slik var veret det då vi padla ut for å leite etter fine leikeplassar:


Det var ikkje så lett å finne noko. Det var nok av bølgjer, men dei kom frå alle kanter og var uregelmessige. Uansett god trening å padle i slike forhold også! Og nokre surfar vart det.




Laurdagen vart avslutta med super mat og god stemning i Floren til Liv Turid. Det var framvisning av bilete frå dagen og etterkvart lett underhaldning frå eit samanraska padleband.

Søndagen vakna vi opp til så å seie vindstille og lettare ver:


Denne dagen var det høve til å finne stader der sjøen braut. Her eit par bilete frå føremiddagen:




Eivind likar betre å bade. Dette vart vondt..


denne sida vert det lagd ut fleire bilete i løpet av veka. Vi hadde også med oss ein profesjonell fotograf (og båtførar .-). Blir spanade å sjå kva han har å kome med...

Og for dei som ikkje visste det: Bulandet er paradis på jord!