onsdag 27. juli 2011

Padlebesøk frå aust

I dag var Stein Erik og eg ute på ein padletur vest for Heggøyna. Vi køyrde til Sandvika, bar båtene ned til stranda, og padla nordvestover.


Ved Vaulen. Eg trudde det gjekk an å padle under denne brua alltid..men det viste seg å ikkje stemme. Det vart litt draging av kajakkar ja..

Vest for Vaulen:

Vi fann denne lille bølgjetassen.. Ikkje så mykje å leike på denne akkurat.

På veg innover mot Høyvika:

Stein Erik viste at det går fint å rulle Norkapp- en:

Ein koseleg tur med ein kjekk kar. 

Trengde noko anna å tenkje på etter dei siste dagars hendingar.

torsdag 14. juli 2011

Atløy rundt igjen!

Tron Ivar og eg bestemte oss tidlegare i sommar, å få til ein tur rundt Atløy med overnatting i telt. Onsdag 13 juli kom vi oss avgårde klokka 21.00, for den første etappen:

Eg hadde Exploreren som var rimeleg fullasta. Den var ein fryd å padle med last!

Tron Ivar prøvde Atlanticen. Her testar han kanteeigenskapane:

Etter mykje prat og diverse trening, var klokka blitt så mykje at vi måtte tenkje på å finne oss ein teltstad. Her er vi på veg ut mot Heggøyna. Solnedgongen var som den alltid er her; fantastisk!

Kinnaklovi til høgre:

Vi padla under ei bru mellom Vaulen og Heggøyna. No var det blitt stille og mørkare.


Vi fann til slutt ein bra leirstad på Vaulen. Klokka vart halv tre før vi kom oss i soveposane. Vi likar å prate..

Neste morgon var det kaffikoking og frukost. Her er Tron Ivar i gong med omelett og bacon. Herleg start på dagen!

Så var det i gong att med padlinga. Her er vi på veg frå Vaulen og mot Tviberg og Alden.

På denne turen øvde vi på å bruke kart og kompass, og ta ut kursar.

Her har vi runda Herland og er på veg innover mot Askvoll. Men denne distansen er treig og verkar laaang..

Den norske hesten (Alden):

Brurastakken:

Heldigvis var det litt bølgjer innover her. Det gjekk til og med an å få surf på nokre av dei. Vi byta også kajakk det siste stykket. Tron Ivar fekk prøve Exploreren:

Etter ei kort pause på Sauesundsøyna, padla vi til gamlekaia i Askvoll der vi starta og enda turen vår. Det siste stykket var nok det livligaste. Her var det mange småbåtar, ferjer og bølgjer på opp mot ein meter. God trening!

Og begge var einige om at det hadde vore ein flott tur, både Tron Ivar:

og eg:

tirsdag 12. juli 2011

Teknikkurs Ung

I dag fekk eg vere med som hjelpesmann når formann i klubben heldt teknikkurs for ungdom. Ein svært kjekk og lærerik dag:

I dag var vi i Staveneset og lukta på havdønningane:

Rapport og fleire bilete finn du her.

mandag 11. juli 2011

Første tur med kjerringa mot straumen

I dag vart det ein tur med Exploreren. Den skuffa ikkje. Ein lettrulla og leiken kajakk. Likar seg godt i litt bølgjer.

Her ein videosnutt. Legg merke til fuglen som ikkje likar at eg er her. Men han kan ikkje ha lest dokumenta frå styremaktane skikkeleg. HER er ikkje fuglereservat..



Ny og fin. Så lenge det varer..

Exploreren oppførte seg likt som den eg prøvde i vinter. Den snur seg alltid opp mot vinden, når ein sluttar å padle. I fart kan ein unngå dette med å kante eller bruke senkekjølen aktivt. Ingen av dei andre kajakkane mine (og dei eg har hatt) har hatt så stor trong for kjøl. Men dette er berre første prøvetur. Eg reknar med vi skal finne ut av det med kvarandre etterkvart. Det er jo også ein moglegheit å flytte setet. Men dette ventar eg med foreløpig.

Exploreren (og padlaren) kosar seg i litt bølgjer!

Elles var det fint å sjå terne igjen. Har vore borte dei siste åra.

Frå eit fiskeperspektiv:

Det er viktig med tilpasning, når livet blir vanskeleg:


lørdag 9. juli 2011

To ruller langt vest

Her er to filmsnuttar med rullar frå turen vår til Heggøyflua førre helg.

Først ein filma nede i sjøen. Oddvinn rullar Aquanaut LV:


Så ein med Atlanticen og meg:

fredag 8. juli 2011

Ny kajakk!

Då var nyeskuta komen. NDK Explorer:


Far har fått draumebåten og ungane mykje bobleplast å sprekke. Takk til God Tur og Bring/ Tollpost som gjorde dette mogleg! :-)

onsdag 6. juli 2011

Tur til Heggøyflua

I dag var Oddvinn og eg ein tur ut til Heggøyflua. Det er sjeldan det er rolege forhold her, som det var i dag. Blikkstille.
Og eg trur det er det vestlegaste punktet eg har vore, når eg har padla frå fastlandet. Etter det kjedelege Granesundet, opnar landskapet seg opp:


Litt teknikktrening høyrer med:


Det gjekk fint å kome gjenom her. Greitt med plastkajakkar!

Fekk også teke fleire bilete til NS Atlantic- testen. Det var godt fotolys i dag!

Her er det pause på fyret ved Raudøyna:


Tviberg til venstre, Alden til høgre:


På veg inn att, gjekk vi i land på austspissen av Raudøyna.. Der var det ein dam like over flomålet, med rumpetroll. Dei levde sitt liv med å symje opp å snappe luft, og ned att:

Det var så varmt i dag, at rulla ikkje var nedkjøling nok:

Verkeleg avslappande å liggje slik!

søndag 3. juli 2011

Bulandet!

I helga var det Nordsjøport- helg på Bulandet. Bandet mitt, Sunday Morning, spelte både fredag og laurdag.

Og reiser ein til Bulandet, MÅ ein jo ha med seg kajakk..

Eg hadde med meg North Shore Atlanticen for å prøve den i bølgjer. Her på veg ut, nord for Gjørøyna:

Det hadde blese ganske bra dagen før, så det var ein del dønningar:


Testen av NS Atlantic nærmar seg ferdig og vert snart sendt inn til Padling. Fekk nokre overraskingar når det gjeld skroget på denne modellen i desse forholda..

Etter å ha leika litt i bølgjene, vart det ein tur i sunda. Her diverse flygande:

Litt frå folkelivet på kaia:

Her er scena klargjort inni teltet. Det var litt over 300 folk på fredag, og litt over 200 laurdag. Mykje liv og god stemning!

"Arbeidsplassen" min:

Ein svært innhaldsrik og kjekk helg på ein av dei vakraste stadane i verda!