søndag 13. mars 2011

Pratetur

I dag var vi fire frå klubben som møtte opp til søndagspadling. To andre medlemmer, hadde allereie starta på ein annan tur litt tidlegare på dagen. Det vart ein roleg tur med mykje prating, og litt trening på diverse ting.

Her er "Xcite- kameratane":


Roger med sin "kvite kval"


Det var nesten blankt då vi la ut, men etterkvart vart det litt meir liv i sjøen. (Og oss..)

Økta vart avslutta på Øyra der det vart litt rulling. Venstrerulla mi er litt rusten, så den trengs å øvast meir på.

tirsdag 8. mars 2011

Kulingpadling med Goltziana Marlin!

I dag var det gode forhold for bølgjepadling. Med storm tidlegare på dagen , og med vinddreining på vest, vart det bra bølgjer inn mot Øyra.I dag brukte eg Goltzianaen og euroåre.

Her er tre videoar frå økta:

 


Her er det ei bølgje mot slutten som vippar meg rundt:


Her er litt motsjøpadling:


Inn mot stranda att:



Den store utfordringa i dag, var å få kajakken ned og oppatt på biltaket. Vinden tok kraftig tak i kajakk. Då eg var ute på sjøen måtte eg halde godt fast i åra, elles så fauk den avgarde. Etter rullen på første videoen fekk vinden skikkeleg tak i årebladet, og heldt på å få meg rundt att.

Eg må seie at eg saknar grønlandsåra i dag. Det er enorm forskjell på vindfanget til euro- og grønlandsåra.

Etter ei stund vart eg så kald på fingrane at eg avslutta. Med tre gradar i lufta, 17- 18 m/s og storm i kasta, vart det for kaldt å halde på lenge.