søndag 23. januar 2011

Tur til Smellveret


I dag, søndag 23. januar var Roy Ove, Kjell og eg ein tur til Smellveret. Då eg køyrde ut til Staveneset var eg litt skeptisk til at det i det heile tatt vart tur. Tåka låg tjukk inni fjordane. Heldigvis var det betre ute på Staveneset.
Det var omtrent vindstille, men det var bra med "gammal sjø" slik at vi fekk huske oss i dønningane utover.


Rett vest. Ingen øyar utanfor her.

Her ser vi inn mot Kråka. Der varden er.
Som alltid var det mange bølgjer som braut. Men å finne noko fast møster på dei, var vanskeleg. Dei kan kome overalt og frå alle kantar. Ikkje alltid like lett å berekne då.

Ein flokk med Skarv på ein av øyane.

Vi gjekk i land på ein av øyane ute i Smellveret. Her var det mykje skjell og strandsnegel inni mellom berget
.
Kan sjå ut som eit folkehav! ;-)

Her hadde også havørna (?) kost seg med maten sin.

Mat og varm drikke måtte vi også ha. Det høyrer med på ein padletur.
Roy Ove, meg og Kjell.    "Special gueststar": Regndråpa på linsa midt i bilete..



Utsikt vestover frå Smellveret.



På vegen innover vart det meir regn og vind. Men med gode kajakkar, tørdraktar (med hetter) og mat innabords, vart ikkje dette noko problem. Heldigvis slapp vi tåka på veg innover også. Bra, det! Særleg på det siste stykket som er den indre leia langs kysten.


Her er ein film der Roy Ove bryt seg gjennom bølgjene:



Slik ser det ut vestover frå Smellveret.


Kjell sin versjon av turen er her.

lørdag 15. januar 2011

Butterfy- og norsaaq-ruller

Torsdag medan eg venta på Oddvinn, trente eg litt på ruller med norsaaq og butterflyrulle. Dette var første gong eg prøvde norsaaqen. Eg treng nok meir trening for å få den til på ein meir kontrollert, og roleg måte. Det vert for mykje slag med den, og det er jo ikkje det som er meininga. Det er også litt for lett å bruke den som eit åreblad for å kome seg opp. Meininga er jo å gli opp, utan å bruke den til støtte.

Rulle med norsaaq i høgre hand:


Når det gjeld rulle med norsaaq i venstre hand, har eg ein lengre veg å gå. Eg har ikkje trent så mykje på handrulla på denne sida, så her gjekk det ikkje heilt bra:

Rulle med norsaaq i venstre hand:


Prøvde også butterflyrulle med stormåra. Denne begynnar å sitje ganske greitt no. Kan få til endå rolegare rørsler, men det er ikkje så lett når vatnet er så kaldt. Ein blir litt for oppteke av å kome seg fort opp.

Butterflyrulle med venstre hand:


Butterflyrulle med høgre hand:


Det er berre ein ting som hjelper: Meir trening. Og helst i kaldt vatn! :-)

Norsaaqen er kjøpt her. Den er laga av lerk, som har ein naturleg impregnering i treverket.




Inspirasjonen, har eg fått frå denne dvd- en:


Den tekniske kvaliteten på filminga og  lyd er så som så, men den forklarar dei fleste grønlandsruller på ein flott måte.

torsdag 13. januar 2011

Årets første padletur

Det skulle gå 13 dagar ut i det nye året før det vart padletur på meg. Oddvinn og eg avtalte å møtast på Øyra i tretida slik at vi hadde halvannen time med lys. Faktisk går det an å merke at dagane vert litt lengre. Flott når det går an å bruke ettermiddagane til padling att.

Vi padla til Flatøyna der begge to måtte strekke på sovande bein. Eg hadde Greenlanden i dag (difor bein som søv..) og Oddvinn hadde Exciten med litt for "tight" sparkebrett. Her er utsikt frå Flatøyna og sørover:




Stille og fint på sjøen i dag. På bilete under ER det faktisk to kajakkar, men den eine er godt kamuflert. Kanskje noko å tenkje på når ein padlar i skumringa. Tørrdrakta er gul og eg har lys på vesten, så heilt usynleg er eg ikkje..

Under: Her kan det sjå ut som eg anten har "klakka til" Oddvinn eller at han tilber kajakken sin.. Fasiten er nok berre det at han stillar på sparkebrettet.. ;-)

På veg innatt. Mørkret og kulden kom fort.



Askvoll i vinterdrakt:

Oddvinn prøvde også ein rulle:


Eg leika meg litt med butterflyrulle og norsaq- en medan eg venta på Oddvinn. Skal leggje ut eit eige innlegg om dette, ved eit seinare høve..