søndag 13. mars 2011

Pratetur

I dag var vi fire frå klubben som møtte opp til søndagspadling. To andre medlemmer, hadde allereie starta på ein annan tur litt tidlegare på dagen. Det vart ein roleg tur med mykje prating, og litt trening på diverse ting.

Her er "Xcite- kameratane":


Roger med sin "kvite kval"


Det var nesten blankt då vi la ut, men etterkvart vart det litt meir liv i sjøen. (Og oss..)

Økta vart avslutta på Øyra der det vart litt rulling. Venstrerulla mi er litt rusten, så den trengs å øvast meir på.

2 kommentarer:

  1. Ser jo på kartet nå at vi kommer din vei til neste vår! Det blir bra. Finstuderer "Den hvite hvalen", og regner med å ha en sånn i hende om et par uker nå....

    SvarSlett
  2. Då må vi jo møtast! Klart det! Har de planar om å padle rundt Stad? Er ikkje det litt i overkant?

    Explorer er ein knallgod kajakk. Men med tre stk i garasjen, bør eg nok roe meg ned litt... ;-)

    SvarSlett